Hopp til innhold

Molde og Aalesund fryktar råkøyring

- Det er nok ein del dummingar som prøver å rekke cupfinalefesten heime.

Bil i fart
Foto: Lien, Kyrre / SCANPIX

Fotballklubbane Molde og Aalesund fryktar råkøyring heim frå cupfinalen.

Klubbane reknar med at om lag 10 000 personar sit i bil eller buss til og frå Oslo cupfinalehelga.

Ber folk om å ta det med ro

Øyvind Vebenstad

Arrangementansvarleg Øyvind Vebenstad i AaFK.

Foto: Aina Rødal / NRK

Arrangementansvarleg Øyvind Vebenstad i AaFK ber folk ta det roleg og ikkje stresse til og frå Ullevaal.

- Eg håper verkeleg at cupfinalehelga ikkje får ei mørk sky over seg, seier han.

Andre cupsaker:

Fryktar mange forbikøyringar

Representantar frå begge klubbane er redde for at cupfinalehelga kan få ein trist utgang. Dei er uroa for at det skal skje ei alvorleg ulukke når mange skal køyre heim etter ei helg full av inntrykk.

Svein Røsberg

Svein Røsberg har ansvaret for trafikktryggleik i Molde Fotballklubb.

Foto: Åge André Breivik / NRK

- Vi ynksjer alle velkomen heim igjen også, seier Svein Røsberg som har ansvaret for trafikktryggleik i Molde Fotballklubb.

Han er redd for det han kallar villmannskøyring for å nå ferja.

- Det eg fryktar er at mange vil vere i festrus etter kampen og andre vil vere mindre fornøgde. Då kan konsentrasjonen bli deretter og ein skal køyre langt heim og alle i ei retning. Eg er svært redd for at det mange forbikøyringar, seier Røsberg.

- Som å spele russisk rulett

Spelarane på både AaFK og Molde vil kome heim mellom klokka 22 og 23 søndag. Klubbane har fått inntrykk av at mange vil reise oppover rett etter kampen for å rekke festen heime.

- Å køyre frå Oslo i tre-tida og nå festen er det ein del dummingar som skal prøve på. Det er som å spele russisk rulett, seier Røsberg.

- Men er det ikkje litt dumt av de å legge festen så tidleg som til klokka ti om kvelden?

- Det er det sjølvsagt, men vi kan ikkje ta festen klokka to om natta heller. Vi må ta den når spelarane kjem heim, for vi har trass alt kanskje fleire heime her enn i Oslo den helga.

- Bruk hovudet og føtene

Og i AaFK har dei ei oppmoding til folk som skal køyre heim etter cupfinalen.

- No har AaFK ein som er god på hovudet, han Tor Hogne Aarøys, så bruk hovudet. Molde har Magne Hoseth som er god med beina, så bruk beina også. Bruker ein same taktikken som spelarane på AaFK og MFK, så er eg sikker på at dette går bra, seier arrangementansvarleg Øyvind Vebenstad i AaFK.