Hopp til innhold

Klosterkyrkja neppe på plass i år

Kyrkjebygget som nonnene har fått i gåve blir truleg ikkje å sjå på Syltefjellet dette året.

Valldal

På det flate partiet på fjellet til venstre er det planen at kyrkja skal stå.

Foto: Malin Kjellstadli Korsnes / NRK

Først skal kyrkje bli bygd i Romania, og dessutan har ikkje Norddal kommune mottatt søknad om byggeløyve.

Nonnene i Norddal har fått kyrkjebygget på omlag 60 kvadrat. Dei ønskjer at den skal stå på «klostertomta» som dei eig på Syltefjellet i Fjørå.

Før kommunen kan behandle saka må det til både ein reguleringsplan og byggeløyve.

Må vente på det formelle

Arne Sandnes

Så langt er ordførar Arne Sandnes berre orientert om kyrkjebygget.

Foto: Øyvind Sandnes / NRK

– Erfaringsmessig tar det minst eit halvt år å utarbeide og godkjenne ein reguleringsplan, seier ordførar Arne Sandnes.

Han fortel at dei er orienterte om planane, men at kommunen ikkje har mottatt ein formell søknad.

Å skrive ein slik søknad er noko av det formelle arbeidet nonnene ønskjer hjelp til. Når og korleis kyrkja skal kome på plass er også noko dei vil ha bistand til å avklare.