NRK Meny
Normal

– Det er komisk at eg vert nemnt som nestleiar

Stortingsrepresentant Jenny Klinge ser ikkje seg sjølv som ein kandidat til nestleiarvervet i Senterpartiet.

Jenny Klinge

Jenny Klinge kan ikkje sjå for seg sjølv i rolla som nestleiar i Senterpartiet.

Foto: Terje Reite / NRK

– Det er klart situasjonen verkar kaotisk og vi står fram jo som ein gjeng med sjølvplagarar. Men alle er vi samde om at Liv Signe fortener eit betre ettermæle enn slik det ser ut no, seier stortingsrepresentant Jenny Klinge.

Komisk spørsmål

Det er hektiske dagar for senterpartipolitikarane etter at Navarsete stilte plassen sin til disposisjon i helga. Berre på ein halvtime i dag har ti journalistar ringt til Klinge og mange lurer på om ho vert nestleiar i det skadeskutte partiet. Sjølv kan ho ikkje sjå seg sjølv i den rolla.

– Først og fremst er det komisk, men eg får ta det som ei tillitserklæring og eit kompliment, seier Klinge.

Ho har inga tru på at valkomiteen vil spør henne.

LES OGSÅ:

Bør ikkje tvingast

Klinge meiner at Ola Borten Moe bør halde fram som nestleiar. Mange har tatt til orde for at Ola Borten Moe også bør ta hatten sin å gå. Det er Klinge heilt usamnd i, og meiner det ikkje bør vere ein automatikk i at nestleiaren også skal gå.

– Det er eit dårleg trekk dersom vi tvingar han til å gå. Han er viktig for framtida, seier Klinge.

Trillande latter

Den tidlegare landbruksministeren, Trygve Slagsvold Vedum er lansert som brennheit kandidat til å ta over vervet som leiar for Senterpartiet. Klinge meiner at han er den beste mannen til å samle partiet.

– Han har ein trillande latter og det er bra med nokon med godt humør. Og han er dyktig, understrekar Klinge.

Over 400 lokalparti frå heile landet skal vere med i avgjerda, som vert teken på eit ekstraordinært landsmøte til våren.