NRK Meny

Klinge spent på KrF

Stortingsrepresentant Jenny Klinge (Sp) er spent på kva KrF gjer i fleire saker etter at partiet gjekk i opposisjon. Tysdag foreslår Senterpartiet å gjere om vedtaket om tvangssamanslåing av kommunar og fylke, og ein av kommunane er Haram. KrF er på vippen, og Klinge ventar at KrF som stemte i mot tvang i vår, gjer det same no. Steinar Reiten (KrF) vil ikkje kommentere forslaget før det er presentert i Stortinget.

Jenny Klinge
Foto: Roar Halten / NRK