Hopp til innhold

Solemdal blir klimaflyktning i juleferien

Nesten heilt snøfritt vintervêr heime på Tingvoll, gjer at Synnøve Solemdal ikkje tør å ta full juleferie på Nordmøre. Den OL-klare skiskyttaren er i staden klimaflyktning på Lillehammer.

Nesten snøfritt vintervær hjemme på Tingvoll, gjør at Synnøve Solemdal ikkje tør ta den lange juleferien hun hadde planlagt der. Den OL-klare skiskytteren blir istedet klimaflyktning på Lillehammer.

Synnøve Solemdal må bli på Lillehammer på grunn av for lite snø på Tingvoll. Juleferien på feil stad går heilt fint når det er OL-sesong.

Ho er den første kvinnelege OL-deltakaren frå Nordmøre, men fekk ikkje det ho ønskja seg mest til jul: Snø på Tingvoll.

– Eg hadde håpa på å kunne vere på Tingvoll, heime, men eg var budd på at det kanskje blei her på Lillehammer.

Dårlege skispor

Skispora på Tingvoll er langt frå optimale.

Foto: Eirik Haukenes / NRK

Planen var full juleferie på Nordmøre, men bygda si store dotter må i staden ta ferie på Lillehammer. Skispora heime på Tingvoll er rett og slett for dårlege ...

– Eg ser litt slik på det at jul kan eg feire mange år framover, men treninga eg legg ned no er såpass viktig for det som kjem seinare, at eg prioriterer det lett, seier Solemdal.

Det er nemleg berre 1,5 månad til OL i Sotsji går av stabelen. Solemdal er éin av fire deltakarar frå Møre og Romsdal som er tatt ut så langt.

Synnøve Solemdal jubler

Synnøve Solemdal står med to verdscupsigrar i karrieren.

Foto: Andreas Stabrun Smith / NRK

– Merkar det på stemninga

Ho var allereie ein svært heit kandidat for éin av OL-plassane på kvinnesida i skiskyting. Då ho sikra sin andre verdscupsiger tidlegare i desember var det derimot ikkje tvil.

No ofrar ho gjerne litt for å kanskje kjempe om liknande plasseringar i OL. For det er noko spesielt med meisterskapen som skjer kvart fjerde år.

– Det er spesielt. Ein merkar det på stemninga, både frå trenar og støtteapparat og heile gjengen. Det er OL som gjeld, og det blir spennande med mitt første OL. Eg gler meg veldig, smiler Solemdal.

No blir det god trening gjennom heile juleferien, før det blir nye verdscuprenn over nyttår. Det blir derimot ein liten tur innom Tingvoll.

– Eg skal innom ein tur heime på julaftan, for å hente pakkane, avsluttar 24-åringen flirande.

Synnøve Solemdal vant jaktstarten i Hochfilzen. Kommentatorer: Andreas Stabrun Smith og Ola Lunde

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL