Hopp til innhold

Kleven: 200 søkarar på fem jobbar

I ein tøff arbeidsmarknad er det stor interesse for ledige stillingar i verftsindustrien. Kleven lyste ut 5 stillingar og har fått rundt 200 søknader.

Kleven verft, oversiktsbilde

Kleven verft opplever stor respons etter å ha utlyst fem nye stillinger.

Foto: Arne Flatin / NRK

HR-direktør, Kathrine Holstad, seier til NRK at dei totalt har 160 søknader på dei fem stillingane som vart utlyst i desember.

– Ei av stillingane har vi jobba med å rekruttere til over lang tid, men med ny utlysing i desember. Så totalt har vi hatt over 200 kandidatar som vi har hatt/har i søknadsbunken til desse stillingane, seier ho.

To av stillingane har søknadsfrist 10.januar, så vi reknar med at det vert nokre fleire søknader som kjem dei siste dagane, seier HR-direktøren.

God respons

Holstad vil seie at 200 namn på 5 stillingar er god respons.

Kathrine Holstad, HR-direktør Kleven

Kathrine Holstad, HR-direktør Kleven.

Foto: Per Eide / Kleven

– Men nokre av stillingane krev spesialisert fagkompetanse som gjer at vi reknar med at det ikkje blir så høge søkartal. Vi skal ikkje vekse i volum, men desse utlyste stillingane er nøkkelroller for å sikre rett kompetanse. Så det viktigaste for oss er at vi har relevante og kvalifiserte søkarar, og ikkje nødvendigvis kvantitet.

Kleven har så vidt starta prosessen med å gå gjennom søknadene, før det vert tilsetjingar.

Dei to stillingane som søknadsfristen enno ikkje er ute på er ei stilling som finanssjef og ei stilling som avdelingsleiar, maskin.