Hopp til innhold

Kleven treng pengar

Kleven-konsernet treng friske pengar utanfrå. Til Sysla seier administrerande direktør Ståle Rasmussen at han trur ei løysing er på plass i løpet av nokre få veker. Store tap på drifta dei to siste åra er årsaka til vanskane, og bygg nummer 379 står åleine for halvparten av tapa. Hos dagens eigarar eller tilsette er ikkje meir å hente, men Rasmussen vil ikkje seie noko om kven dei er i dialog med for å få inn frisk kapital.

Byggnr. 379 fra Kleven Verft
Foto: Kleven