Hopp til innhold

Kleven tek grep

–Trass i stor ordrebok er det ikkje roseraudt i Kleven-gruppa i Ulstein og Sande. Eit tapsprosjekt frå 2015 gav konsernet store utfordringar. Problema i den maritime næringa gjer også at Kleven låner pengar frå dei tilsette og legg på vent bygginga av fire skip til Maersk.

Maersk-skip ved Kleven

Dette Maersk-skipet vart levert frå Kleven i Ulstein torsdag denne veka.

Foto: Arne Flatin / NRK

Denne veka vart det andre av seks Maersk-skip levert frå Kleven. Med ein enkel namneseremoni på kaia kunne reiarlaget og arbeidarane ved Kleven i Ulstein konstatere at dei fire siste skroga ikkje vert gjort ferdige på ei stund.

Konsernsjef Ståle Rasmussen seier problema til Kleven er dei same som for mange andre aktørar i maritim næring.

Framleis tøft i maritim næring

–Den uroa eg føler deler eg nok med dei som er i den maritime næringa.

Vi ser veldig mange bedrifter som har det tøft, og eg vil også seie at dette ikkje er Kleven spesifikt. Det at ein båt ikkje vert levert er dessverre noko vi ser rundt omkring i heile marknaden.

Kleven har altså ein avtale om levering av seks fartøy til Maersk, og det andre vart levert torsdag denne veka. Slik stoda er i næringa no var det fornuftig å sette dei fire siste på vent, meiner Rasmussen.

Ståle Rasmussen, Kleven

Ståle Rasmussen under namneseremonien på Kleven torsdag denne veka. Han seier problema til Kleven-gruppa er eit uttrykk for dei omfattande vanskane til den maritime næringa.

Foto: Arne Flatin / NRK

–Det illustrerer også at reiarane, som er våre kundar innanfor offshore, har hatt og har det veldig vanskeleg. Derfor så fann vi at det samla sett var betre å samarbeide med Maersk, å vere einige med dei om å finne gode løysingar, ved å utsetje leveringa og det har vi gjort.

Kleven har også inngått ein avtale med dei tilsette om redusert løn i ein periode. Dette er noko som sikrar Kleven ein buffer på 24 millionar kroner.

Det styrkar likviditeten, men det aller viktigaste er symbolverdien, ifølgje Rasmussen.

–Dette er også eit teikn på ein solidaritet både internt mellom arbeidarane og mellom arbeidstakarane og bedrifta.

Tilsette støttar leiinga

Olav Høydalsvik er tillitsvald for dei tilsette i Kleven som er tilknyta Fellesforbundet. Han seier kronebeløpet er ein ting, men han er samd med Rasmussen i at signaleffekten er endå viktigare.

Olav Høydalsvik, Kleven-tillitsvald

Olav Høydalsvik er tillitsvald for dei tilsette i Kleven som høyrer til i Fellesforbundet.

Foto: Arne Flatin / NRK

–Dette er eit signal til kreditorar og andre samarbeidspartnerar til Kleven om at dei tilsette bryr seg og vil støtte opp under bedrifta i ein vanskeleg situasjon.

Kleven har gjort eit liknande grep tidlegare for rundt 12 år sidan. Høydalsvik er trygg på at dei skal få pengane tilbake når bedrifta går frå minus til pluss i rekneskapen igjen.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL