Hopp til innhold

Kleven med krafttak for lærlingar

Kleven-verfta har rekordmange lærlingar dette skuleåret. Trass i vanskelege tider i maritim industri aukar Kleven talet på lærlingar i yrkesfaga. – Vi tek eit samfunnsansvar, seier HR-sjef Inge-Jonny Hide ved Myklebust verft,

Kleven satsar på lærlingar

Kleven har rekordmange lærlingar i år. Foto/redigering:ARNE FLATIN

311 yrkesfagelevar i Møre og Romsdal er utan lærlingkontrakt ved skulestart. Mange bedrifter må seie nei til å ta inn lærlingar på grunn av dei vanskelege tidene. Kleven har ei solid ordrebok og tek difor inn så mange som dei berre greier. 38 lærlingar er på kanten til det verfta i Ulstein og Sande greier, men dei meiner desse ungdomane skal få eit godt tilbod.

Inge-Jonny Hide seier at det å satse på lærlingar er ei viktig rekruttering både til eigen produksjon og gjerne til framtidige leiarstillingar.

Andrea Saunes og Inge-Jonny Hide

Andrea Aursnes er lærling på tredje året. Her saman med HR-sjef Inge-Jonny Hide ved Myklebust verft.

Foto: Arne Flatin / NRK

Ei av dei som vil satse på å kome tilbake til verftet er Andrea Aursnes. Ho startar no på det tredje året som lærling. Sjølv om ho ikkje er heilt i mål trur ho det vert ingeniørutdanning etterpå for så å returnere til jobb på Kleven ein gong i framtida.

– Her er eg nær vennar og familie og har ein god arbeidsplass så tanken er å vende tilbake hit etter at utdanninga er avslutta, seier ho.

Rekordmange

Verfta hadde 60 søknader i førre runde. Dette er ny rekord. Til saman har verfta på Myklebust og Kleven 38 lærlingar no. Størsteparten av dei kjem frå ytre Søre Sunnmøre, men der er også søknader frå andre fylke.

Dei fleste som er ferdige med lærlingetida går til teknisk fagskule, treårig ingeniørhøgskule eller til NTNU.

Denne torsdagen er alle lærlingane samla, også dei nye. I oransje hjelmar tek dei turen til lageret for å få det utstyret dei treng. Ein av desse er Alfred Gjelseth frå Herøy.

– Det er spennande, og det verkar å vere artig å vere på eit verft og å kome seg ut i arbeidslivet og å gjere noko anna enn skule.

Gjelseth skal gå TAF (tekniske og allmenne fag), og då er det tre dagar på skule og to dagar ute på verftet.

– Eg trur det vert ei god blanding med litt avveksling, så det gler eg meg til.

Alfred Oksholen Gjelseth, Andrine Fagerheim, Tobias Ristesund Werkland og Iver Mork.

Frå venstre: Alfred Oksholen Gjelseth, Andrine Fagerheim, Tobias Ristesund Werkland og Iver Mork.

Foto: Arne Flatin / NRK