Verftsgruppa Kleven presenterte i ettermiddag jubileumsboka som er laga i samband med 100-årsjubileet til verftet.
Forfattaren, designaren og fotografen viste fram boka på ein pressekonferanse på verftet i dag.
Forfattaren fortel at boka ikkje ei tradisjonell historiebok, men ei forteljing om dagens Kleven.
– Eg håpar at vi har fått til ei bok som fortel eitt portrett av hundreåringen. Det var aldri meininga at det skulle vere det store historiske prosjektet, men vi har ønska å nå mange, seier forfattar Torill Myren.
– Difor har vi bilete av mange og vi har snakka med mange, held ho fram.
- Les også:
Feirar 100 år
Kleven har utvikla seg frå Myklebust verft i Sande som vart etablert i 1915, og feirar hundre år i år.
Boka vil bli delt ut til alle tilsette i samband med jubileumsfesten og Kulturdokka 2015 som vert arrangert på Myklebust Verft laurdag 13. juni.
Ellen Kvalsund jubileumsboka bidreg til ein fellesskap blant dei tilsette.
Foto: Arne Flatin / NRK– Vi ønska å gi alle våre tilsette historia om bedrifta dei jobbar i. Vi ville vise dei forteljinga om folka våre, kvar vi kjem frå, kven vi er i dag og kvar vi skal, seier Ellen Kvalsund i Kleven.
Ho meiner det er viktig å skape ein fellesskap blant dei tilsette, og håpar boka kan bidra til det.
– Dette er noko vi gjer i lag, og har gjort i lag lenge. Vi har eit felles prosjekt om å bygge dei beste båtane, og det er mange som er stolte av den jobben dei gjer, seier Kvalsund.
– Vi håpar at denne bok kan bidra til den stoltheita vi håpar folk har for arbeidsplassen sin, held ho fram.
- Les også: