Det avanserte fartøyet blir 93 meter langt, 20 meter breitt og får over 1000 kvadratmeter dekksareal. Multifunksjonsfartøyet vil få ei innreiing til 60 personar.
– Vi er svært glade for å kunne offentleggjere vår første nybyggingskontrakt med ein kunde frå Søraust-Asia seier Ståle Rasmussen, konsernsjef i Kleven, i ei pressemelding.
Det er venta at fartøyet vert kontrahert av olje- og gasselskap som opererer på dei nyoppdaga og svært djupe olje- og gassfelta i Asia og Midt-Austen.
Levering er sett til september 2015. Kontrakten inneheld også ein opsjon på ytterlegare eit fartøy.