Hopp til innhold

Kleven er avhengig av meir pengar

Verftskonsernet Kleven i Ulstein er avhengig av ny, frisk kapital. Underskot og raude tal gjer situasjonen utrygg for det tradisjonsrike verftet.

Ståle Rasmussen, adm.dir i Kleven Verft

JOBBAR PÅ SPRENG: Administrerande direktør Ståle Rasmussen i Kleven håper å ha nye investorar på plass innan kort tid.

Foto: Alf-Jørgen H. Tyssing / NRK

– Kleven er eit leiande verftskonsern og her er verdiar som vi trur også andre vil vere interessert i, seier konsernsjef Ståle Rasmussen i Kleven.

Skipsverftet med hovudsetet i Ulstein på Sunnmøre har bygt båtar sidan 1944. I dag har konsernet fleire verft på Sunnmøre og i Romania. Dei siste åra har også Kleven merka oljenedturen og den tøffe konkurransen i verftsbransjen.

Tapte 268 millionar

Ifølge sysla.no (krev abonnement) tapte Kleven 268 millionar kroner på bygging av eit offshoreskip for eit malaysisk reiarlag. Reiarlaget greidde ikkje å betale for skipet, og det blei lenge liggande utan eigar. Tidlegare i sommar blei skipet seld, men Kleven tapte stort. Også dei tilsette har bidrege med lån på 24 millionar kroner til Kleven for å vere med på sikre arbeidsplassane.

Har ordrereservar

Kleven verft i Ulsteinvik

KREVJANDE TIDER: Den økonomiske situasjonen ved Kleven Verft i Ulstein er krevjande.

Foto: Alf-Jørgen H. Tyssing / NRK

Kleven verft har kontraktar på båtar som skal byggjast, mellom anna har Hurtigruten bestilt to ekspedisjonsskip, med opsjon på ytterlegare to. Det første skipet skal stå ferdig sommaren 2018.

Er i dialog

Rasmussen vil ikkje seie så mykje om kven som er aktuelle som nye investorar i selskapet, utover at dei er i dialog med fleire.

– Vi håpar at Kleven vil vere interessant for fleire. Vi har jobba med dette i nokre månader, og håper at vi i løpet av relativt kort tid kan få på plass ei løysing, seier Rasmussen.