NRK Meny

Kleven bygger explorer-fartøy

Kleven har inngått kontrakt om bygging av eit 100 meter langt explorer-fartøy. Kontrakten er inngått i samarbeid med tyske Lürssen, som er verdsleiande innan design og bygging av store yachtar, skriv konsernet i ei pressemelding. Fartøyet vil bli bygd, teknisk sluttført og delvis utrusta ved Kleven Verft i Ulsteinvik, medan sluttutrusting og innreiing vert gjort ved Lürssen sitt Blohm+Voss-anlegg i Hamburg. Kunden er framleis ukjent.