NRK Meny
Normal

Kleven årets bedrift i fylket

Skipsbyggingskonsernet Kleven Maritime AS med base i Ulstein kommune vert tildelt fylkesprisen for årets bedrift 2012. Grunnen er at konsernet går mot straumen.

Kleven verft

Kleven Maritime AS får fylkesprisen for årets bedrift 2012.

Kleven har base på Dimnøya like utanfor Ulsteinvik og er landets største norskeigde skipsbyggingskonsern med 500 fast tilsette, samt 500 tilsette gjennom underleverandørar.

Verftet i Ulsteinvik og dotterverftet Myklebust Verft i Gursken både byggjer og reparerer alt i frå seismikkfartøy til avanserte ankerhandteringsfartøy.

Går mot straumen

Det var Regional- og næringsutvalet i fylket som kåra prisvinnaren på møte i går. I grunngjevinga for tildelinga kjem det fram kva som har ført til at nettopp Kleven får årets fylkespris.

Det blir lagt vekt på at Kleven går mot straumen og tek oppgåver tilbake til Noreg. Ved hovudverftet i Ulsteinvik blir det bygd ein ny hall for robotsveising, slik at stadig større del av produksjonen kan føregå her. Verdiskapinga og kompetansen vil dermed blir verande i Noreg og ikkje i utlandet.

– Veldig kjekt

Konsernsjef Ståle Rasmussen fekk melding om avgjersla i går kveld, og han er svært glad for at Kleven får fylkesprisen for årets bedrift.

– Dette var veldig kjekt. Vi får tru at det kan vere med på å skape endå meir positiv merksemd kring det arbeidet vi gjer. Som det kjem fram i grunngjevinga frå fylket går vi mot straumen, og prøver så godt vi kan å få mest mogleg av produksjonen vår tilbake til Noreg, seier Ståle Rasmussen og legg til:

Ståle Rasmussen

Konsernsjef Ståle Rasmussen er svært nøgd med tildelinga.

Foto: Arne Flatin / NRK

– Vi har investert fleire hundre millionar kroner for å få til dette, og då er det sjølvsagt positivt av vi får ei slik fin utmerking.

Hard konkurranse

I fjor blei det bygd ny kai ved verftet i Ulsteinvik og ny flytedokk kom på plass ved Myklebust Verft i Gursken. Dette er alle element som har overtyda juryen om å velje Kleven framføre dei andre forslaga.

Det kom inn forslag på i alt 23 bedrifter, og fleire av desse var sterke kandidatar til prisen. Dette opplyser Møre og Romsdal fylkeskommune på sine nettsider. Prisen blir delt ut på fylkestinget 22. april.