Hopp til innhold
Kleven verft i Ulsteinvik
Foto: Per Eide / Kleven

Kleven Verft

Oppsummert

Green Yard Group overtar det konkursramma Kleven Verft i Ulstein, eit av dei største skipsverfta i Møre og Romsdal. I mars vart verftet seld til det kroatiske industrikonsernet DIV Group, og i juli vart verftet slått konkurs.

  • – Slapp ei udetonert bombe i møte

    – Styreleiar Debeljak torpederte eigenhendig låneavtalene med bankane, hevda konkursbuets advokat Jan Vablum.

    Han bedyra at den kroatiske styreleiaren i eit møte hadde erklært at Kleven ikkje kom til å fullføre sitt viktige byggeprosjekt av eit forsyningsskip, med mindre bankane tok på seg all risiko.

    – Han svartmålte også økonomien i prosjektet og gav uriktige opplysningar om både prosjektet og verftet, lydde dei sterke påstandane.

    Dei uriktige opplysningane skulle stille økonomien til Kleven i eit overdriven dårleg lys, ifølge konkursbuets advokat.

    Konkursbuet til Kleven verft sin advokat Jan Vablum, med saksøkte styreleiar Debeljak bak han.
    Foto: Therese Pisani / NRK
  • – Absurd oppførsel

    Konkursbuets advokat Jan Vablum kalla det for absurd oppførsel når styreleiar Tomislav Debeljak hadde eit avgjerande møte med bankane som gav finansiering til Kleven verft:

    – Han handla sterkt mot selskapsinteressa, og erklærte til bankane at han forsettelig skulle misleghalde låneavtalene, sa advokaten og forklarte:

    – For å beskrive det absurde: Om ein kjenning av meg spør om å låne 100 kroner, og treng 50 denne veka og 50 neste. Etter ei veke kjem han og seier at han aldri kjem til å betale tilbake dei første 50 kronene, men at han vil ha dei 50 neste nå. Da vil eg i alle fall ikkje låne han dei neste 50 kronene. Om lag slik var Debeljaks oppførsel i dette møtet med bankane, sa Vablum.

    Han peikte også til kjøpskontrakten mellom den kroatiske DIV-gruppa og Kleven verft, der den nye eigaren hadde forplikta seg til å tilføre verftet 55 millionar kroner. Allereie halvanna månad etter overtakinga blei første betaling av dette mislegheldt, meinte advokaten.

    Tomislav Debeljak i Bergen tingrett, med laget sitt av Deloitte-advokatar.
    Foto: Therese Pisani / NRK
  • – Eineherredøme og utpressing

    Konkursbuets advokat Jan Vablum gjekk hardt ut mot den saksøkte Tomislav Debeljak i dei første timane av rettssaka.

    – Han innførte eit styresett i strid med aksjeloven, samla all makt hos seg sjølv, sette styret på sidelinja og tok sjølv alle avgjersler, sa Vablum og la til:

    – Hans framferd førte til stadig større forseinkingar i prosjekt, og til slutt ein heilt ekstraordinær situasjon.

    Vablum viste også til at det blei innført betalingsstans til underleverandørar, noko han omtalte så sterkt som utpressing.

    – Dei pressar leverandørar for nye og betre vilkår, noko som utset prosjekta for stor uhaldbar risiko og skapar stort tillitsbrot, sa Vablum.

    Advokaten viste til at blant anna to elektrofirma hadde lagt ned arbeidet med verftet som følgje av betalingsstansen.

    Advokat Jan Vablum prosederer under rettsaka mellom Kleven verft og den kroatiske DIV Group
    Foto: Therese Pisani / NRK
  • Regjeringa utvider låneordning for verftsnæringa

    Regjeringa utvidar garantidelen til Eksfin i Byggelånsgarantiordningen frå 50 til 75 prosent. Det betyr at Eksfin kan ta ein større del av kredittrisikoen for bankar som tilbyr byggjelån til norske skipsverft.

    – Det er snakk om store beløp når skip skal byggjast, og tilgang til finansiering er svært viktig for norske verfts konkurransedyktigheit, seier fiskeri- og havminister Bjørnar Skjæran (Ap).

    Regjeringa har tidlegare varsla at ho vil skjerpe krava for å vareta klima- og miljøomsyn ved offentlege innkjøp. Frå nyttår er hovudregelen at klima- og miljøomsyn skal vektast med minimum 30 prosent.

  • Får ikkje pålegg etter dødsulykke

    Green Yard Kleven i Ulstein får ikkje pålegg frå Arbeidstilsynet etter dødsulykka i februar. Det skriv Vikebladet Vestposten. Ein arbeidstakar omkom etter å ha blitt treft av ei fallande stålplate, og verftet fekk varsel om fleire pålegg frå Arbeidstilsynet. Arbeidstilsynet opplyser til avisa at dei likevel ikkje kjem med desse pålegga, fordi bedrifta har levert dokumentasjon på at dei har eit godt nok HMS-system.

    Stor kran ved Green Yard Kleven i Ulstein. Det var i samband med ein løfteoperasjon det skjedde ei arbeidsulykke der ein person omkom
    Foto: Arne Flatin / NRK