Hopp til innhold

Kleiva blir festspeldiktar

Forfattaren Rønnaug Kleiva frå Ørsta blir festspeldiktar under Dei nynorske festspela 2010.

Rønnaug Kleiva

Rønnaug Kleiva voks opp på Vartdal i Ørsta på Sunnmøre.

Foto: Nynorsk kultursentrum

Ho er den syttande forfattaren som får denne æra.

Dei nynorske festspela 2010 blir arrangerte i Ørsta og Volda frå onsdag 23. juni til søndag 27. juni, med Ivar Aasen-tunet som hovudarena.

Kleiva debuterte i 1985 og kan dermed feire 25-årsjubileum som forfattar neste år. Ho har gitt ut 22 bøker i mange sjangrar og er omsett til åtte språk, mellom anna serbisk, gresk og russisk. I september kjem ho med ein ny ungdomsroman på Det Norske Samlaget.
(artikkelen held fram under biletet)

Rønnaug Kleiva blir festspeldiktar

Rønnaug Kleiva blir presentert som festspeldiktar.

Foto: Stig Morten Waage / NRK

Omsett frå sju språk

- Eg liker å skrive i ulike sjangrar. Eg hadde ikkje orka å skrive berre same typen bøker heile tida. Dikt skulle eg gjerne ha skrive meir av, men i staden puttar eg poesien inn i prosaen, seier Rønnaug Kleiva, som gler seg stort til å vere festspeldiktar.

Kva festspeldiktaren skal gjere under Festspela neste år, blir fastlagt utover hausten og vinteren.

- Publikum skal nok få både det dei ventar og noko som overraskar. Ved at så ulike forfattarar er festspeldiktarar, blir Festspela ganske ulike frå år til år, seier programansvarleg Åshild Widerøe.

- Forfattarskapen til Rønnaug Kleiva spenner så vidt at vi får noko å bryne oss på når vi no skal forme festspelprogrammet, seier Widerøe, som lovar flunkande nye tekstar frå festspeldiktaren.

Kleiva har fått mange strålande kritikkar for bøkene sine. Ho skaper stilrein og konsekvent litteratur, skriv litteraturkritikaren Odd W. Surén i ein artikkel om Kleiva på det nye nettleksikonet Allkunne. Ho grip ikkje retusjerande inn i hendingane ho skildrar, skriv Surén, ”men let dei utvikle seg organisk og naturleg, utan omsyn til kor mykje av personane dei avslører, og kor kompromitterande dette er for dei”.

22 bøker i mange sjangrar

Rønnaug Kleiva er fødd 30. november 1951 og voks opp på Vartdal i Ørsta på Sunnmøre. Ho er cand.mag. (lærarskule, norsk og idrett) og har gjennomført forfattarstudiet ved Telemark distriktshøgskule i Bø i Telemark. Ho arbeidde 15 år i skuleverket før ho i midten av 1990-åra blei forfattar på heiltid.

Kleiva debuterte med diktsamlinga Animasjon i 1985, og har til no gitt ut 22 bøker for born, unge og vaksne. Forfattarskapen spenner frå dikt og prosalyrikk til barnebøker og ungdomsromanar og vidare til romanar, noveller og skodespel. Nesten alle bøkene er gitt ut på Det Norske Samlaget.

Ho har fått mange prisar for bøkene sine, mellom anna både Kritikarprisen og Kultur- og kyrkjedepartements pris Ikkje gløym å klappe katten som beste barne- og ungdomsbok i 1997.