Hopp til innhold

Kledde av seg i Fretex-stunt

I 1500 butikkar over heile Noreg kan ein no levere kleda sine til Fretex. Tre jenter i Ålesund oppfordringa bokstaveleg!

I 1300 butikkar over heile Noreg kan ein no levere kleda sine til Fretex. Tre jenter i Ålesund tok det som ei bokstaveleg oppfordring!

SJÅ VIDEO: Cecili og Lisa, og Hanne gjekk lettkledde frå Fretex-stuntet på Meny Hatlane i Ålesund.

Artikkelen er anonymisert etter publisering.

– Litt brukte i dag tidleg, men elles fine og reine. Eg kjem til å sakne kleda, men dei går til ei god sak, seier Hanne som var ein av dei sporty damene som kledde av seg i daglegvarebutikken for å promotere den nye ordninga.

Frå torsdag av blir Posten med på landsomfattande samarbeid som gjer at klede og sko til Fretex kan leverast i butikken. Ordninga gjeld heile 1500 post-i-butikk og postkontor over heile landet, noko som gjer at talet på returpunkt vert dobla.

Som del av handleturen

For dei som synest det er vert for langt til returpunkta, kan ein ganske enkelt ta med brukte klede når ein skal handle daglegvarer eller gå på Posten.

– Du får utlevert ein Fretex-pose i butikken, og kan levere posen på postpunktet. Ein må betale 50 kroner i frakt, så sender vi det av garde, forklarar butikkmedarbeidar Therese Vik på Meny Hatlane i Ålesund.

Miljøstasjonane og Fretex-containerane blir ikkje borte – fordi om Posten også tek imot brukte klede.

– Vi tenkjer som så at då kan alle andre som ikkje har tilgang til boksane, ha ein sjanse til å få levert klede også. Posten finst stort sett over alt, seier sjefen for Fretex i Ålesund, Britt Roald Nesvik.

Plass til meir

Kommunikasjonssjef i Fretex, Trine Gjermundbo, seier folk alltid har vore flinke tli å gje bort klede til bruktkjeden.

– Med ein ny distribusjonskanal sørgjer vi no for at folk får mange fleire moglegheiter til å gje bort klede og samstundes støtte miljøet og vårt arbeid om Noreg si største attføringsbedrift, seier ho i ei pressemelding.

– Ha låg terskel for levering

Butikksjef Nesvik håper den nye løysinga vil gjere at folk blir endå flinkare til å levere inn ting ein ikkje brukar lenger.

– Det håper eg verkeleg. Vi får allereie inn mange tonn med leveransar i månaden til oss i Ålesund, men vi har plass til mykje meir.

Ho meiner folk bør ha for låg heller enn for høg terskel for å levere inn gamle slitne klede.

– Det er berre ein svært liten prosentdel vi får inn som vi ikkje kan bruke til noko. Det er som slite kan brukast til mellom anna filleproduksjon og shoddyproduksjon. Vi gir også ein del vekk til organisasjonar i utlandet.