Hopp til innhold

No skal det bli lettare å finne riktig klesstørrelse

Ein felles europeisk standard skal gjere det lettare å kjøpe klede i riktig størrelse. Emma Krohn-Dale (16) som vart kjend då ho skreiv eit krast innlegg om små klesstørrelsar, ynskjer ordninga velkommen.

Emma Krohn-Dale

Emma Krohn-Dale ynskjer den nye felles standarden velkomen. Ho fekk stor merksemd då ho kritiserte motebutikkane for små størrelsar.

Foto: Hans-Olav Landsverk / NRK

Ein gråtande 16-åring i prøverommet på Bik Bok, med ei slengbukse i storleik XL ståande fast på låra, sette fart på debatten om klesstørrelsar.

– Eg er jo normal. Eg er ikkje gravid. Eg er ikkje feit. Det er så trist at normale ungdomar i dag ikkje finne klede fordi dei rett og slett vert sett på som for store, skreiv Emma Krohn-Dale frå Ålesund i eit innlegg.

Krohn-Dale er kritisk til at ho som ein normal ungdom ikkje finn klede i ungdomsbutikkar, fordi størrelsane er så små. Saka vart tatt opp i spørjetimen på Stortinget og folkehelseminister Åse Michaelsen frå Frp viser til den nye felles europeiske standarden for klesstørrelsar som vart innført i fjor haust.

Felles spelereglar

Systemet som 33 land har blitt samde om, skal gjere det enklare for kundane i prøverommet. I dag er størrelse 38 i Noreg det same som 44 i Italia og 12 i Storbritannia. Dei nye størrelsane er basert på kroppsmål. Det betyr at same kva land du handlar i eller kven som produserer kleda, skal størrelsen vere lik.

– Det er ikkje lett for forbrukaren å skjøne kva størrelse ein sjølv har, utan felles spelereglar, seier Jacob Mehus. Han er administrerande direktør i Standard Norge. Han meiner den nye standarden er spesielt viktig sidan mange handlar på nett og ofte opplever at størrelsen på kleda er feil, slik at pakken må sendast i retur.

Jacob Mehus

Jacob Mehus er administrerande direktør i Standard Norge.

Foto: Standard Norge

Tar tid å få på plass

Sjølv om ein felles standard er innført, merkar forbrukarane ingenting til dette. Det er nemleg frivillig for klesprodusentane å bruke den. Jacob Mehus trur det tar tid før systemet blir brukt, men veit at både Kappahl og Lindex i Sverige er i gang med arbeidet. Han trur at det nye merkesystemet kjem til å bli vanleg om nokre år.

– Vi kjem til å sjå tilbake på dei gamle størrelsane som håplause, seier Mehus.

Tabu å snakke om

Emma Krohn-Dale har ikkje sett sin fot inn på eit einaste prøverom sidan den vonde dagen. Ho synest det er bra at det har kome ein felles standard for klesstørrelsar, men synest arbeidet går tregt.

– Det blir prata altfor lite om klesstørrelsar og eg veit ikkje kvifor det er så tabu. Det er viktig at det blir tatt tak i den nye standarden og at kleskjedene brukar merkinga, seier Krohn-Dale.

Hennar draum er å kunne kjøpe kule ungdomsklede, slik som venninnene, og sleppe å gå i det ho kallar tantete butikkar.

Klesstørrelser

Dei nye standardiserte klesstørrelsane vart innførte i haust, men er ikkje tekne i bruk i Noreg.

Foto: Haavard Jangaard Strand / NRK