Hopp til innhold

Klatrarar henta ned frå fjellhyller

Fire klatrarar sat fast i over tre timar på fjellhyller like før toppen av Bispen i Rauma. Trass i tjukk tåke fekk redningshelikopter henta ned klatrarane.

Her blir redningsmannskap heisa ned på fjellhyllene der fire klatrarar sit fast i Bispen i Rauma i Romsdal.

Redningsmannskap tok seg ned på fjellhyllene der fire klatrarar sat fast måndag kveld.

Politiet opplyser tysdag morgon at klatrarane er i god behald.

Ifølge informasjonen politiet har fått er alle i gruppa busett i Hordaland fylke, den eldste av dei er ein mann i 60-åra, resten av gruppa utgjer to menn og ei kvinne, alle mellom 20 og 30 år. Kun ein i følget skal vere erfaren klatrar.

Politiet melder at alle fire er norske.

Gruppa ringde etter hjelp då dei følte terrenget blei for ulendt og vanskeleg til at dei torde fortsette.

Laster Twitter-innhold
Klatrarar fast i Bispen

Politiet er på staden.

Foto: Tipsar

«Umogleg å setje seg fast»

Det var klokka 19.55 at det kom inn melding om fire klatrarar som hadde sett seg fast på ei fjellhylle om lag 40 meter frå toppen av Bispen.

Det 1462 (moh.) høge fjellet ligg sør i Isterdalen i Rauma kommune i Romsdal.

– Det er fire klatrarar som sit fast i Bispen. Dei i den alpine redningsgruppa eg har prata med seier det er umogleg å setje seg fast der, så eg tippar det er litt uerfarne klatrarar.

Det sa redningsleiar Ben Vikøren ved Hovudredningssentralen på Sola til NRK like etter klokka 21.00.

Helikopter ved Bispen

Redningshelikopter frå Ørland blei rekvirert for å få ned klatrarane.

Foto: Tipsar

Håper å få heist dei ut

Politiet er på staden og redningshelikopter frå Ørland er på plass.

– Klatrarane kjem seg verken opp eller ned. Ingen av dei er skadde, opplyste operasjonsleiar Asp.

– Vi skal forsøke å flyge inn og prøve å heise dei ut. Om ikkje er der klatrarar i bakhand i Åndalsnes som kan ta seg opp og hjelpe dei ned, sa Vikøren ved Hovudredningssentralen.

Tjukk tåke

Tjukk tåke såg ut til å kunne skape problem for redningsaksjonen, men den letta litt etter nokre minutt.

Foto: Tipsa

Truleg ikkje reist erstatningskrav

Rundt klokka 22.00 kom det ganske tjukk tåke til staden. Det var etter at redningsmannskap hadde heist seg ned på fjellhyllene.

Det viste seg derimot ikkje å vere noko problem, og om lag 20 minutt seinare hadde alle fire klatrarane blitt henta ned frå fjellhyllene på Bispen i Rauma. Det blei først meldt at dei fire klatrarane sat på same fjellhylle, men dette tilbakeviste politiet seinare..

Det vil truleg ikkje vil bli reist erstatningskrav.

– Slik vi ser det var det her snakk om eit reelt behov for hjelp, seier vakthavande.