Moldenser omkom etter fallulukke i Rauma

Det var 71 år gamle Iver Gjelstenli frå Molde som omkom etter ei fallulukke ved Store Venjetinden i Rauma i Møre og Romsdal onsdag.

Klatarar sendt til sjukehus.

Ein klatrar fall og blei skadd under ein tur til Store Venjetinden i Rauma. I kveld opplyser St. Olavs hospital i Trondheim at mannen omkom i ulykka

Foto: Eline Molvær Løndal

Klatraren blei frakta med luftambulanse til St. Olavs hospital i Trondheim etter å ha falle og skada seg ved Store Venjetinden i Rauma onsdag formiddag.

Onsdag kveld opplyser St. Olavs hospital i ei pressemelding at mannen er død.

Torsdag opplyser politiet at det var den pensjonerte journalisten i Romsdals Budstikke, Iver Gjelstenli, som omkom i klatreulykka i går. 71-åringen frå Molde har fått mange journalistikkprisar og blei kåra til «Årets I» på Romsdalskonferansen i 2011.

Gjelstenli var også forfattar og gav ut fleire bøker om fjell og friluftsliv, og har vore sentral i klatremiljøet i Romsdal i ei årrekke. Namnet er frigitt i samråd med familien.

Redningsaksjon

Det var klokka 10.19 onsdag at politiet i Møre og Romsdal først meldte at det var sett i gang ein redningsaksjon for å hente ut ein skadd klatrar ved Store Venjetinden i Rauma.

Redningsaksjon ved Store Venjetind i Rauma

Klatraren blei berga av eit redningshelikopter.

Foto: Ottar Rydjord

– Ein klatrar har falle nokre meter. Vedkomande er våken og vi er i kontakt med han, sa Arild Reite, operasjonsleiar i politiet, til NRK i 10.00-tida.

Ved 11.00-tida blei klatraren henta ut. Det var då uklart kor alvorleg skadd mannen er.

– Mannen blir frakta til St. Olavs hospital i Trondheim for vidare undersøking og behandling, seier Reite.

Med sine 1.852 meter er Store Venjetinden det høgste fjellet i Romsdalen. Fjellområdet er også eit populært mål for fjellklatring.

Redningsaksjon Store Venjetind

Illustrasjon: Google Earth Studio.

Utfordrande område

Ein luftambulanse var først på staden, men hadde problem med å lande då det er bratt i området. I mellomtida blei klatraren tatt hand om av dei andre i turfølget sitt.

Redningsaksjon Venjetind i Rauma

Klatraren blei frakta til St. Olavs hospital for vidare undersøkingar.

Foto: Ottar Rydjord

Klokka 10.50 kunne Hovudredningssentralen i Sør-Norge fortelje at eit redningshelikopter frå Ørlandet var framme på staden. Dei kunne då hente ut klatraren med ei heis.

Turfølget var på totalt åtte personar. Det er så langt uklart kva som var grunnen til at klatraren fall.

– Politiet vil snakke med resten av turfølget når dei har kome ned frå fjellet. Det er ingen av dei andre som treng behandling av helsepersonell, seier Reite.

Laster kart, vennligst vent...

Store Venjetinden ligg i Rauma kommune.