Det renn inn med meldingar og gratulasjonar til vinnarane, som håpte på geografi og sport, men fekk bryne seg på kategoriane «dyr», «bokstaven d», «gater og vegar» og «Tor».
Smøla og Julsundet i finalen.
Foto: Charlotte Ervik / NRKMed to svært jamne lag i sving, måtte det til slutt eit utslagsspørsmål til for å kåre ein vinnar. Difor var spenninga stor til siste slutt
Laget frå Smøla er klar for finalen.
Foto: Charlotte Ervik / NRKJulsundet skole fekk full pott i innleiande runde, men nådde ikkje heilt opp i finalen.
Foto: Charlotte Ervik / NRK– Vi heldt pusten heilt til vi høyrde at Smøla blei ropt opp. Vi var slett ikkje sikre, seier Ingrid Dalheim Iversen.
– Vi trudde nok Julsundet ungdomsskole var sterke, og det var dei jo også, seier Johannes Olsen Munkli.
Litt is og lang biltur heim
– No skal vi feire med ein is i sola, seier Ole Edvard Myrvoll.
Dei tre trur nok det kan bli litt ekstra på skulen også, men først ventar altså ein fem timars biltur heim til Nordmøre.
– Litt ekstra merksemd må det nok bli på skulen også, seier lærar Astrid Neerland.
Ho kan også avsløre at dei har planar om å bruke premien på 5000 kroner til ein klassetur til Kristiansund.
– Vi er jo kjempestolte av dei for det dei har fått til, seier Neerland.
Sjå finalen her:
Sterk semifinale
Smøla stilte med elleve av tolv poeng i den innleiande runda og var dermed likt med
Valldal skule gjorde ein god innsats i semifinalen, men måtte sjå seg slått av Smøla.
Foto: Charlotte Ervik / NRKValldal. Difor måtte dei først forsere semifinalen, før dei kunne møte Julsundet skole i finalen måndag.
Sjå semifinalen her:
– Skal gjere vårt beste i finalen
I fjor var det nettopp laget frå Møre og Romsdal som gjekk av med sigeren i landsfinalen, då Halsa skole gjekk heilt til topps. Gjengen frå Smøla vil ikkje vere snauare.
– Vi skal gjere vårt beste, seier dei.
– Men vi må nok kanskje øve litt på litteratur og politikk.
Neerland seier dei tre ikkje har brukt mykje skuletid til førebuingar til fylkesfinalen.
– Nei, dette har dei klart sjølve, og dei har gjort det veldig bra. Så no må det vel bli litt øving fram mot landsfinalen. Eg veit at dei er opptatt av å gjere det bra, seier ho.
Landsfinalen går av stabelen i Oslo 23. mai. Og då altså med eit lag frå Smøla på plass.