Hopp til innhold

Kan politikarane love nye arbeidsplassar?

Kva skal til for at gründerbedrifter skal lukkast? Og kva skal vi leve av etter oljen? Framtidas arbeidsplassar er tema under den direktesendte NRK1-debatten frå Ålesund i kveld.

Valgsending i Ålesund

Niklas Baarli, Atle Bjurstrøm og Mathias Nylenna er programleiarar for valsendinga frå Ålesund

Foto: NRK

I eit tid med aukande arbeidsløyse blir politikarane utfordra på å finne løysingar for kva vi skal leve av i framtida.

Følg sendinga direkte her:

Valgsending fra Ålesund.

NRK har tatt valsendingane ut til heile landet, og i kveld er altså turen komen til Ålesund. I tillegg til næringspolitikk og gründerverksemd, blir også byutvikling eit tema.

Arnhild Myklebust Eggen

Arnhild Myklebust er vaktsjef for sendinga i Ålesnd.

Foto: Anne Liv Ekroll / NRK

– Vi meiner Sunnmøre og Ålesund er den rette staden for å diskutere dei viktige utfordringane næringslivet står over for, seier vaktsjef for sendinga, Arnhild Myklebust.

Vil ha svar frå lokale politikarar

Programleiar Atle Bjurstrøm har med seg ei rekkje politikarar frå Møre og Romsdal, og i løpvet av sendinga skal både Gunn Berit Gjerde (V), Frank Sve (Frp), Eva Vinje Aurdal (Ap), Line Karslvik (SV) og Ane Malene Nygård (H) i elden.

I tillegg møtest næringsmininster Monica Mæland (H) og Ap-leiar Jonas Gahr Støre til debatt. Også leiaren for Miljøpartiet de Grønne, Rasmuss Hansson, er med.

Sendinga inneheld både debatt og kommentarar, medan P3-duoen Niklas Baarli og Mathias Nylenna frå programmet «Verdens rikeste land » bidrar med skråblikk.

Les meir om valet i Møre og Romsdal her.

– Vil høyre frå dei det gjeld

Med i panelet blir også dei som verkeleg kjenner effekten av endringane i oljenæringa. Styreleiar og Kleven-eigar Kjersti Kleven er med, og det same er tillitsvalgt Gina Bjørdal ved Rolls Royce si avdeling i Hjørungavåg.

Les også: Legg ned fabrikk med 200 tilsette

Også dei lokale gründerane i selskapet Rom og Tonic er med i sendinga. Myklebust meiner det er viktig å vise at næringslivet er meir enn nedskjeringar og oppseiingar.

– Det er veldig kjekt for oss å kunne viser fram at det også skjer mykje nyskaping i desse tider, og fokusere på politikarane si rolle i å tilrettelegge for det, seier ho.

Les også: – Støtta frå lokalpolitikarane var heilt avgjerande

Les også: Jobbekspert om suksessgründarar: – Dei har store øyre

Vil du vere publikum?

Sendinga går direkte på NRK1 frå klokka 2130. Dersom du vere publikum, kan du møte opp på Terminalen ein time tidlegare. Arrangementet er gratis.

Dersom du ønskjer å følgje sendinga heimanfrå, kan du også nytte deg av nrk.no sitt direktesender, der det også er høve til å stille spørsmål til NRK sine ekspertar.

Har du innspel til saker NRK skal sjå på i valkampen? Send inn ditt bidrag her.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL