Klart for folkefest i Kristiansund

Det er venta 2 700 tilskuarar når Kristiansund Ballklubb tar i mot Viking i fjerde runde i fotball-NM.

KBK

Kristiansund BK tek imot Viking på heimebane.

Foto: Roar Halten / NRK

Heile tre lag frå Møre og Romsdal kjempar onsdag om å gå vidare frå den fjerde runden i NM-cupen for menn.

  • Molde tek imot Kvik Halden klokka 18.00.
  • Kristiansund BK møter Viking klokka 19.00.
  • Hødd spelar borte mot Mjøndalen klokka 19.00.

Lag frå Møre og Romsdal har vunne NM i fotball dei fire siste åra. I tillegg vann Aalesund i 2009. Også i år er det gode sjansar for at eitt av desse laga kan gå vidare til kvartfinalen i cupen, og håpet om ei ny cupmeister frå Møre og Romsdal lever vidare.

Vakna til sol og blå himmel

Allereie tidleg i dag var arrangementssjefen hos Kristiansund BK, Alf Yttervik-Adolfsen glad og kampklar.

– I dag vakna eg til sol og blå himmel, så no gler vi oss til kamp, seier den svært engasjerte arrangementssjefen hos Kristiansund BK, Alf Yttervik-Adolfsen.

Laget blei historiske då dei slo Bærum 1–0 i den tredje runda av cupen, og gjer det også bra i første divisjon. KBK ligg i den øvre delen av tabellen på ein foreløpig fjerdeplass bak Hødd.

Følg kampen her:

Laster innhold, vennligst vent..

Håpar på fullt stadion

Då Kristiansund BK tok imot AaFK i fjor var det om lag 2000 personar som møtte opp. I år håpar dei på enno fleire.

Alf Yttervik Adolfsen

Alf Yttervik Adolfsen trur Kristiansund stikk av med sigeren i kveldens kamp.

Foto: F.Bjerkaas

– Vi har allereie passert 2000 billettar på førehandssalet, så vi skal vere så pass offensive at vi håpar på fullt stadion og 2700 på tribunane, seier Yttervik-Adolfsen.

Han innrømmer likevel at det er nokre utfordringar knytt til full tribunar.

– Ja, det er ganske avgrensa parkering oppe ved stadion, så vi oppmodar folk om å gå eller parkere andre plassar, for eksempel ved Atlanten stadion eller Kristiansund vidaregåande skule, seier Yttervik-Adolfsen.

Fordelane er likevel mange.

– Cupen er ei viktig inntektskjelde for klubben, så det er ein bonus både sportsleg og økonomisk, seier Yttervik-Adolfsen.

Tippar siger på straffespark

Kampen har skapt stort engasjement i Kristiansund, og Yttervik-Adolfsen trur heile byen gler seg til kamp.

– I dag blir det fest uansett resultat, seier han.

Arrangementsansvarleg Alf Yttervik-Adolfsen vedgår at Viking er favoritt, men spår dramatikk, straffesparkkonkurranse og avansement for heimelaget.

– Eg tippar at KBK vinn på straffekonkurranse etter 1–1, seier han.