Klart for fiske i 2019?

Rauma og dei andre vassdraga i indre Romsdal kan bli friskmeld på seinåret 2019. Giftbehandlinga med rotenon i 2013 og 2014 og påfølgande yngelutsetting har så langt vore vellykka, viser prøvefiske og overvaking. Resultata blei lagt fram på eit møte i referansegruppa i går. – Det blir godt å få i gang att sportsfiske i elva, seier fiskeforvaltar hos Fylkesmannen, Leif Magnus Sættem. Men det viktigaste er å gjenopprette elva sitt økosystem.

Laksefiske i Rauma Elv, Romsdal. Trollveggen i bakgrunnen.
Foto: Terje Rakke/Fjord Norge AS