– Eg har ikkje tid til å snakke med deg. Det er draumeforhold! Eg må køyre ned og gå opp igjen ein gong til, er den knappe beskjeden vi får over telefonen frå Stig Helset.
Han står på toppen av det 940 meter høge fjellet Nivane i Ørsta, med mektige Saudehornet (1303 m.o.h.) like ved. Helset går gjerne to turar på rappen når forholda for skikøyring er som no.
– Når du går ein del blir det lettare å bevege seg i motbakke. Då treng du ikkje heis, forklarar han.
Det er ikkje berre på Sunnmøre det ligg til rette for ei nydeleg skihelg. Meteorologane har følgande melding å kome med:
Og sjølv om det finst nokre vervinnarar, blir det ikkje ille i resten av landet heller, lovar Pernille Borander. Ho er vakthavande meteorolog ved Meteorologisk institutt.
– Det ser ut som det blir skiføre over mesteparten av landet. Unntaka er nokre stader heilt ytst på kysten, der nedbøren kjem som regn.
Det er perfekte forhold for topptur også her ved fjellet Fingeren på Standaleidet i Ørsta.
Foto: Jan LiabøDermed ligg det til rette for skitur dei fleste plassar – både for dei som likar å bevege seg oppover, bortover eller nedover. Også meteorologen har planar om å utnytte dei gode forholda, og ho drøymer om nypreparerte trikkeskinner.
– Eg skal på ski, og det er eigentleg perfekt at det kjem litt påfyll av snø på Austlandet. Det har blitt ganske hardt, så eg håper på nypreppa løyper i helga, seier Pernille Borander.
Stig Helset på tur nummer to for dagen til Nivane. Denne gongen møtte han ein kompis på toppen.
Foto: Kåre LøvollSkredvarsel
Snøskredvarselet til NVE viser faregrad mellom to og tre dei neste dagane. Skalaen går frå ein til fem. Det kan vere store geografiske variasjonar i kva du må sjå etter for å unngå å bli tatt av skred på topptur.
Vaktleiar for snøskredvarslinga til NVE, Odd-Arne Mikkelsen, seier det likevel er fullt mogeleg å velje seg ein trygg tur.
– Dersom du er usikker, kan det vere lurt å starte med å lese skredvarselet. Deretter finst det mange turbøker der du kan finne turar som ikkje går i skredterreng, seier han.
Lyder Øye fekk nydelege forhold frå fjellet Høgenibba i Hornindal torsdag.
Foto: Lyder Øye– Tilpass turen evne
Etter at Stig Helset kjem ned frå si andre runde på fjellet Nivane i Ørsta, har han tid til å snakke litt meir.
Han har nettopp gitt ut boka «Toppturar i Sunnmørsalpane» saman med fotograf Håvard Myklebust. Dei har vore på alle 88 turane dei skriv om, men vil ikkje gi eit heitt tips om det beste turmålet for helga.
– Nei, det må folk tilpasse etter kompetanse og evne til å vurdere skredforhold. Men eg har eitt godt tips. Så tidleg i sesongen er det lurt å velje sørvende hellingar. Det er berre der du får sol, elles hamnar du fort i skuggeland.