Hopp til innhold

Klarer ikkje å lage nok julebrød

Julebrødet er heitt som varmt kveitebrød. Få oppskrifta her.

Julebrød

ETTERTRAKTA: Julebrødet til Martinus Peder Haugen er ettertrakta no i juletida.

Foto: Martinus Peder Haugen

Mange likar å ete det med ei brunostskive, andre tygg det i seg med allslags pålegg.

Uansett; mange vil ha julebrødet på bordet i jula.

Martinus Peder Haugen

HEIMEBAKAR: - Bruk gode råvarer, seier Martinus Peder Haugen.

Foto: Åge André Breivik / NRK

- I fjor klarte eg ikkje å lage til nok. Eg hadde rett og slett ikkje nok kapasitet, seier Martinus Peder Haugen.

- Følg oppskrifta

Haugen er mannen bak verksemda MPs hjemmebakeri i Surnadal.

Han har laga julebrød i mange år.

- Det er eit kveitebrød som er tilsett krydder, sukker og rosiner. Enkelte brukar og sukat, men det gjer ikkje eg. Det er mange som ikkje vil ha det, seier han.

Høyr adventskalenderepisoda for 8. desember her:

Han deler gjerne bakeråd med den som kunne tenke seg å prøve seg sjølv:

  • Du må ha gode råvarer, og dei må vere godt tempererte.
  • Følg oppskrifta og ver nøyaktig.

- Frykteleg god oppskrift

Sjølv er Haugen godt nøgd med oppskrifta han bruker.

- Eg har miksa og triksa litt, og no har eg ei oppskrift som eg meiner er frykteleg god.

Sjå oppskrifta her:

Gode råvarer gir god mat

Martinus Peder Haugen

Meierismør og heilmjølk

Martinus Peder Haugen meiner suksessen ligg i råvarene.

- Oppskrifta mi er med både meierismør og heilmjølk. Gode råvarer gir god mat, seier han.

Heimebakaren lagar brøda i same storleiken som vanlege butikkbrød, og han steiker dei i former.

Sjølv ser han vanskeleg for seg høgtida utan dette bakverket.

- Julebrød må eg ha, og eg må ha mølsgraut på, seier Martinus Peder Haugen.