Hopp til innhold

Er klare til å snu og reise heim dersom dei kjenner seg utrygge

13-åringane frå Ålesund er klare til å snu dersom dei kjenner seg utrygge under Norway Cup. Men ingen av meldt avbod etter terrortrusselen.

Jenter13 Aksla på veg til Norway Cup

13-åringane frå Ålesund i minibussen på veg til Norway Cup i Oslo. Dei er ikkje redde for å reise.

Foto: privat

Laurdag ettermiddag startar verdas største fotballturnering, Norway Cup, og 13-åringane frå Aksla i Ålesund gler seg til å vere med. Trenar Cato Eide seier ingen har meldt avbod, men terrortrusselen har vore tema dei siste dagane.

– Eg trur vi alle kan tenkje oss kva som er det verste som kan skje, men vi kan ikkje gå rundt og tenkje på det, seier Eide.

Samla tropp heile veka

Laurdag morgon starta reisa frå Ålesund til Oslo. I ein minibuss har 13-åringane og to vaksne sett kursen for Oslo for å spele fotball dei neste dagane. Men terrortrusselen kjem til å prege opphaldet denne gongen.

– Vi har snakka med jentene, og diskutert også i plenum med foreldra. Vi følgjer politiet sine råd, og føler oss trygge på å reise. Vi tek nokre forholdsreglar, og held samla tropp heile veka, og har trua på at dette går veldig bra, seier han.

Les også:

Ingen har meldt avbod

Jenter13 frå Aksla på veg til Norway Cup

Jenter 13 frå Aksla har tatt oppstilling utanfor minibussen som skal frakte dei frå Ålesund til Oslo. Saman med lagleiarane Cato Eide og Hans Roar Aas.

Foto: privat

Torsdag formiddag blei det kjent at personar tilknytte ei ekstremistisk gruppe i Syria planlegg terror på norsk jord om få dagar. Ålesundstrenaren vedgår at enkelte foreldre nok kan vere litt uroa, men seier dette ikkje har prega samtalane verken med foreldra eller ungane.

– Ingen av våre har meldt seg av. Alle som skulle vere med, blir med, seier han.

Les også:

Kjenner seg trygge

Ålesundsjentene spelar den første kampen sin søndag, og blir i Oslo rundt ei veke før dei etter planen skal heim igjen. Eide er sikker på at det er trygt.

– Dersom vi ikkje trudde det hadde vi aldri reist. Vi er ganske trygge på at politiet har kontroll over saka. Og skjer det noko meir, er vi klare for å reise heim ganske raskt, dersom vi føler nokon fare, seier han.