Hopp til innhold

– No treng vi støtta frå Møre og Romsdal

Dina Misund og El Cuero har fått prøvd scena i Oslo Spektrum. I morgon håper dei at folket mobiliserer under Melodi Grand Prix.

Dina Midsund og El Cuero har fått prøvd scena i Oslo Spektrum. I morgon håper dei at folket mobiliserer under Melodi Grand Prix.

Rockebandet El Cuero er ikkje dei typiske MGP-deltakarane og vil spele på det.

I dag har det vore gjennomkøyring av det som skal skje under MGP-finalen laurdag. Både nordmøringane i bandet El Cuero og romsdalskvinna Dina Misund er med.

Dina Misund

Dina Misund har nervane under kontroll.

Foto: Tom Øverlie / NRK

– Eg føler at eg er ganske godt budd og gjer det eg plar gjere før eg går på ei scene. Eg er meg sjølv og spelar gitar og syng, seier Misund.

Jobbar som lærar

Ho gav ut debutalbumet sitt i 2010, og jobbar med eit nytt som kjem ut til våren.

Misund jobbar som lærar, men sidan ho gjekk vidare frå semifinalen førre helg, har det vore lite tid til undervisning.

Nervane under kontroll, men eg trur det vert verre laurdag kveld, seier Misund. Ho har brukt tida til å slappe av mellom øvingane og lade batteria før den store finalen.

Håper på støtte

No håper ho at folk i Møre og Romsdal vil støtte ho. Men verken ho eller medlemane i El Cuero tenkjer så mykje på siger, sjølv om det er fullt mogleg.

– Det er opp til folket. Dersom dei har lyst å sjå tre minutt med ekte rock ein gong til på fjernsyn om ein månads tid, må dei stemme på oss, seier Brynjar Takle Ohr, som er vokalist i bandet.

Anti-Grand Prix

Rockebandet vart oppmoda om å melde seg på MGP, og angrar slett ikkje på at dei gjorde det.

Håvard Takle Ohr er trommeslagar i bandet og seier at dei er akkurat det same bandet som dei har vore i alle år, og dei har ikkje endra på noko sjølv om dei skal delta i MGP. Dansetrinn og glitter får andre ta seg av.

– Vi prøver å vere litt anti-Grand Prix i showet vårt. Målet er å få folk til å tenke i andre baner, seier Takle Ohr.

Terningkast 10

Dei siste dagane har det vore iherdige øvingar på scena framfor kamera. Etterpå har dei fått sett opptak av seg sjølv og dei likar absolutt det dei har fått sett.

– Vi synest sjølv at vi leverer til terningkast 10, ler Takle Ohr.