Hopp til innhold

Klar framgang for Hjellegjerde

Møbelkonsernet Hjellegjerde kan vise til ei forbetring på sitt driftsresultat på 23,6 millioner kroner i tredje kvartal.

Video nsps_upload_2009_11_20_16_49_11_870.jpg
Denne videoen er dessverre ikke tilgjengelig. Kontakt oss dersom du har spørsmål.

Hjellegjerde kjem ut på i pluss etter hestekur (video over)

Direktør Olav Inge Røyset seier dei no ser resultatet av den knallharde omstillinga dei har vore gjennom.

- Vi har vore inne i ein svært omfattande omstillingsprosess, der vi har gjort store endringar både i driftsmodellen og i strategien til selskapet og no har vi kome med det vi meiner er eit fornuftig resultat med tanke på dei utfordringane som er rundt oss.

Krevjande prosess

Hjellgjerde har gjennomført ei rekkje omfattande kostnadskutt, og har blant anna avvikla all aktivitet ved fabrikken i Stordal. Røyset seier at det nye resultatet viser at tiltaka har vore heilt nødvendige.

- Eg trur også at vi var heldige når det gjaldt tidspunktet vi gjorde det på, for vi var godt i gang med denne prosessen då finanskrisa inntraff. Slik sett er eg glad for at vi var i gang, for det hadde kanskje vorte vel seint om ein hadde byrja med dette då krisa først var der.

- Det har vore utruleg krevjande for alle tilsette og ikkje minst for oss i leiinga.

Usikkerheita rundt framtida er framleis stor i møbelbransjen, men Hjellegjerde-direktøren er trygg på at dei nå er på rett veg.

- Vi er svært fornøgde med at vi viser at på sjølve strukturen vår, og den strategien vi har hatt på kostnad- og driftsmodell, har dette vorte slik vi har planlagd. Vi har fått eit svært godt kostnadsnivå, vi kan auke omsetnaden svært mykje no utan å pådrage oss meir kostnadar.

No vil Røyset ha vekst inn i selskapet igjen.

- Vi signaliserer i børsmeldinga no at i 2010 er vi svært komfortable med vår eigen posisjon driftsmessig og då må vi bevise at vi også klarer å auke omsetnaden igjen.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL