Hopp til innhold

– Har ikkje akkurat imponert i det siste

Denne gjengen skal sjå rivaloppgjeret i Molde saman. Gnissingane internt mellom kameratane er store.

RBK- og Molde-supportarar

Kameratgjengen Lars Bolstad (f.v.), Henrik Fredriksen, Fredrik Rånes og Bjørnar Mørkedal er litt splitta når det kjem til kva fotballag som er best.

Foto: Øystein Skarsbø / NRK

Laster innhold, vennligst vent..

– Nei, eg skjønar ikkje korleis det går an å vere Rosenborg-supporter, gliser Bjørnar Mørkedal.

I Molde-drakt er han klar for kamp når serietoar Rosenborg besøker Aker Stadion. I kameratgjengen er Mørkedal éin av to i blå fargar saman med Henrik Fredriksen.

Lars Bolstad og Fredrik Rånes stiller i RBK si svarte bortedrakt.

– Eg kjem frå Trondheim, så då seier det seg sjølv kven eg held med, seier Bolstad.

Mykje humor

I Molde sentrum sit RBK-supporterane stort sett for seg sjølv, medan Molde-supporterane sit for seg. Kameratgjengen på fire klarer å sjå forbi rivaliseringa.

– Det er ekstremt mykje rivalisering internt. Men det er mykje humor også, fortel gjengen.

På kampen skal dei stå saman – like ved Kjernen, Rosenborg sin supportarklubb. Det trur dei vil gå bra, men dei to Molde-supporterane trur det vil gå dårleg for RBK i løpet av 90 minutt.

– Eg reknar med siger til Molde. Vi har vore det beste laget i årets sesong, har vore stabile, medan RBK har vore opp og ned, seier Bolstad.

– Og no har dei bytta trenar, det tek vi til vår fordel, legg han til.

Randi Heder

Alt matchar for Randi Heder når ho skal på kamp.

Foto: Øystein Skarsbø / NRK

Spørsmålet om korleis og kvifor RBK skal få med seg poenga tilbake til Trøndelag får svar kontant.

– Dei har nettopp fått ny trenar, noko som bør gi heile spelargruppa ein boost. Det bør slå positivt ut, samstundes som Molde-spelarane ikkje akkurat har imponert i det siste, meiner Rånes.

Likar seg på toppen

På den lokale Molde-puben sit mellom andre Randi Heder. Ho har dressa seg opp i Molde-fargar – frå topp til tå. Oppgjera mot Rosenborg er alltid noko ekstra, meiner ho.

– Eg trur det blir ein veldig bra kamp – med siger til Molde.

– Kva som må til for at Molde skal vinne?

– Det er ikkje så vanskeleg det, vi er vane til det, flirer ho.

– Molde-supporterane blir ikkje for kjepphøge no då?

– Nei da, vi blir ikkje det. VI må få glede oss når vi kan, smiler Heder – som tippar 3–1 som resultat.