NRK Meny
Normal

Krev norsk gull i Sotsji-OL

Om ei veke vert OL-elden i Sotsji i Russland tent, og dei 22. olympiske vinterleikane er i gang. Arill Riise skal dekke OL for TV2, og han krev norsk gull.

Arill Riise

Arill Riise krev norsk gull i Sotsji.

Foto: Kari Nygard Tvilde / NRK

Arill Riise set seg på flyet om nokre få dagar for å dekke dei olympiske vinterleikane som varar frå 7. til 23. februar, og denne gongen står TV2 for OL-sendingane.

– Eg trur mange har desse NRK-veteranane i bakhovudet når dei snakkar om vinter-OL, men så er det berre Arne Scheie att då i NRK, så då tenkte me at me måtte ta over og vise våre profilar, seier Riise.

– Det blir eit fantastisk OL med vonleg ingen terroraksjonar, det er jo det me tenkjer litt på, men så veit me at for at folk skal oppleve dette som eit bra OL på TV2, så må dei norske utøvarane ta gull, dei må lukkast, seier Riise bestemt.

Førebuingar sidan august

Arill Riise skal leie dagsendingane saman med Annemarta Giske, og førebuingane har dei halde på med sidan august, blant anna med å lese seg opp på OL. Sjølv har han mange gode minner frå tidlegare OL.

– Eg er veldig sportsinteressert, og eg hugsar godt i 1968 då me hadde fått TV for første gong, og me vann herrestafetten, ei fantastisk oppleving, seier han.

Vidare fortel han med stor iver korleis TV på den tida var slik at løparane vart sendt inn i skogen, og korleis kommentator Jarle Høysæter sat og venta på kven som skulle komme ut av skogen.

– Og så kom Odd Martinsen ut av skogen, og så kom då Pål Tyldum, Harald Grønningen, og Ole Ellefsæter til slutt til Gull, seier Riise med stor innleving.

– Det er ei oppleving som sit i hjå ein tiåring, seier han, og legg til at kvart vinter-OL er ein fest.

Spesielle forhold under årets OL

Dei olympiske leikar i Sotsji har spesielle forhold me terrortruslar, og det pregar dei som skal dit. Mellom anna har dei som skal dit gått gjennom trusselvurderinga, og har gått gjennom korleis dei skal oppføre seg dersom det skulle skje ein terroraksjon.

– Uvissa med terroraksjonar gir ein ekstra uro, og då er det ikkje berre det sportslege me tenkjer på, men òg kva som kan skje, seier Riise.

Dersom det skulle hende noko, så er Riise klar til å dekke det òg.

– Skulle det skje noko, reint nyhendemessig, så vil eg bruke min nyhendekompetanse til å utfylle sendingane også der, seier han.

Riise håpar at alt skal gå bra, og seier at alt tyder på at dersom det skulle skje terroraksjonar, så er det andre stader enn i Sotsji.

– Eg brukar å seie, at når Marit Bjørgen er trygg, så er også me trygge, seier Riise.

Enorm pengebruk

Årets OL har heile 98 medaljeøvingar i 15 ulike idrettsgreiner, og 88 nasjonar skal vere med. Malta, Paraguay, Togo, Tonga, Zimbabwe og Øst-Timor deltek alle for første gong i vinter-OL i år. I tillegg har store pengesummar gått med til å arrangere OL i Sotsji.

– Vinter-OL er noko som veks, og det er heilt vanvitig at dette vinter-OL kosta 100 millionar kroner meir enn sommar-OL i Beijing, som òg var heilt vanvitig, seier Riise.

– Det blir snakka veldig mykje om at pengane har gått i andre lommer enn dei skal, og det er mykje som tyder på det, men det som kjem til å møte oss når me kjem dit er ein heilt ny OL-landsby som er bygd neste ved badebyen ved Svartehavet som ligg på same breiddegrad som Roma og Nice, legg han til.

Russiske myndigheiter seier ifølgje Riise at dei likevel ville brukt pengane i området likevel.

– Men, dei har mellom anna lagt ei elv i rør, laga ein firefelts motorveg i fem mil frå Sotsji og opp til der me skal vere, i tillegg til at dei har bygd ei jernbane ved sida av, seier Riise og fortel at dei òg har lagt lydkanoner i utforbakken slik at viss det kjem mykje snø, så kan dei utløyse den og preparere løypene.

Blir fantastisk å sjå norske utøvarar

Sjølv om Arill Riise sit i studio frå sju om morgonen til klokka to på dagen, så vil han òg nytte tida til å få med seg OL på eiga hand.

– Det blir fantastisk å sjå norske utøvarar, og alt det som har med det å vere med på eit stort arrangement, og vere med og føle på stemninga er noko eg trur blir spanande, seier han.

– Og så lovar eg det norske folk det beste vinter-OL på TV nokon gong, seier han lattermildt.