Hopp til innhold

Klar for kamp mot skulenedlegging

Forslaget om å legge ned fem skular får blanda mottaking i Kristiansund. Ved Innlandet skole bur dei seg til kamp. Ved dei fire andre skulane er dei ikkje avvisande til ny skulestruktur.

Maria Klinge

Maria Klinge vil kjempe for Innlandet skule, fordi ho meiner at det går utover nærmiljøet dersom skulen blir lagt ned.

Foto: Anne-Mari Flatset / NRK

Rådmannen har på oppdrag frå Kristiansund bystyre laga ein rapport om ny skulestruktur. Forslaget er å legge ned dei fem skulane Innlandet, Dalabrekka, Goma, Bjerkelund og Rensvik. Elevane derifrå skal samlast på ein eksisterande skule og på to nye skular. Ikkje alle likar forslaget.

– Det er uaktuelt for oss å godta at Innlandet skole skal leggast ned og vi er kampklare så det held, seier Maria Klinge, som er avtroppande FAU-leiar.

Skulen er hjartet

Innlandet skole er den minste skulen i byen. Klinge seier at det finst mange argument for at skulen bør halde fram som i dag, sjølv om det berre vert fem minutt å køyre til ein annan skule.

– Skulen er hjartet på Innlandet. Det vil prege heile nærmiljøet dersom skulen blir lagt ned, seier Klinge.

Ho fortel om dugnadsånda på den vesle skulen, der foreldre stiller opp for å halde skulen vedlike. Ifylgje Klinge står heile bydelen samla for å bevare skulen.

LES OGSÅ:

Opne for diskusjon

Yngve Lystad

Yngve Lystad er FAU-leiar ved Rensvik skole. Han er ikkje avvisande til den nye skulestrukturen.

Foto: Anne-Mari Flatset / NRK

Ved Rensvik skole er tonen ein annan. FAU-leder Yngve Lystad seier at dei ikkje er avvisande til den nye skulestrukturen.

– Å klatte på ein gamal skule er ikkje nødvendigvis betre enn å få ein heilt ny skule som har kapasitet og er tilpassa nye læreplanar, seier Lystad. Også ved dei tre andre skulane, som er føreslått nedlagt, er foreldra opne for diskusjon.

Lystad er oppteken av at kapasiteten på dei nye skulane må vere så god at ikkje klassene blir for store.

Brukar meir på skule

Line Karlsvik

Line Karlsvik er leiar for hovedutvaldet for skule og kultur i Kristiansund.

Foto: Anne-Mari Flatset / NRK

Line Karlsvik er leiar av rådmannen sitt utval, som har jobba med skulestrukturen. Kommunen har eit stort etterslep på vedlikehald på skulebygga og ved enkelte skular har talet på elevar auka og skapt kapasitetsproblem. Karlsvik seier at Kristiansund brukar meir pengar på skule enn samanliknbare kommunar. Det er også store forskjellar på kor mykje pengar skulane innad i kommunen har å rutte med.

– Vi har ansvar for Kristiansund som ein heil kommune. Elevane skal ikkje vere avhengig av kva bydel dei bur i for å få eit godt skuletilbod, seier Karlsvik.

Ho seier at dei registrerer at einskilde skulekretsar er meir engasjerte i saka enn andre og at gruppa skal ta med seg alle innspel dei får.

– Vi skal ta ei avgjerd til det beste for kommunen sett under eitt og då må vi ta ein del grep som kan ende med at nokon må bu seg på å gå på ein ny skule, seier Karlsvik.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL