Hopp til innhold

Klar for Frisør-VM i Paris

Laurdag møtes over 80 frisørar til frisør-VM i Paris. I Ålesund øver deltakarane for harde livet....

Video 82b02240-69b5-4a7b-a169-fc714d05636a.jpg

Taktikken er å gå hardt ut og ta innersvingen på konkurrentane frå første stund.

- Eg har nervane under kontroll, for det går så mykje bedre viss eg ikkje er nervøs, seier Laila Lorentzen. - Det er stort å få vere med i VM og eg vil ha med meg det som skjer der.

Frisør-VM er eit stort show med deltakarar frå heile verda.

- Vi har ein plan som vi har tenkt å gjennomføre, og der høyrer det med mellom anna å gjere ein god jobb på farging av håret. Trend Vision Award krev at alt må vere perfekt.

- Antrekk, makeup og farge skal matche og vi lagar antrekka sjølv, seier Laila Lorentzen. Det heile blir som eit lite teaterstykke.

- Dette er ein draum som har gått i oppfylling. Heilt utruleg, seier Line Standal Sørnes som er modell. - Dette blir kjempekjekt!

Line Standal Sørnes

Line Standal Sørnes seier det er kjempekjekt å få vere med i Frisør-VM i Paris

Foto: Arild Pettersen / NRK