Hopp til innhold

Klar for bakekunst i adventstida

For den bakeglade firebarnsmora er adventstida ein velkomen gjest, ikkje eit glefsande prestasjonsdyr. Eit 20-tals kunstferdige peparkakehus skal ho truleg bake i år også.

Mor med to barn på kjøkken

Marita Slettestøl har gjerne barna med på bakinga. Oda på 11 og Jacob på 5 hjelper ofte til ved kjøkkenbenken. Jacob røper at han brukar å få sleike bollen.

Foto: Sissel Brunstad / NRK

Frå byggefeltet Hallelia på Larsnes siv den velkjente lufta av krydra julebakst mellom husa. Det duftar unekteleg peparkake langande lei. Mistanken om kvar lukta kjem frå, går naturlegvis til det moderne, store og lyse kjøkkenet til familien Slettestøl Smoge.

– Ja, visst er vi i gang! Her blir det både peparkakehus og peparkakemuffins, ler Marita Slettestøl, og svingar eit fat nysteikte, ferdigpynta peparkakemuffins på bordet.

Ung kvinne held fat fylt av peparkakemuffins

Peparkakedeig tilsette sjokoladebitar er ein muffinsvri Marita nyttar i desse førjulstider.

Foto: Sissel Brunstad / NRK

Den sjølvlærde 33 åringen har baking som stor lidenskap og hobby, og driv bakekunsten til nye høgder. Kakene hennar er berømte og etterspurde på heile Søre Sunnmøre.

20 peparkakehus på rad

Marita tek gjerne natta og gryotta i bruk for å dyrke hobbyen sin. Både bryllaupskaker, dåpskaker og bursdagskaker ser dagens lys medan resten av familien søv. I adventstida vil mange ha firebarnsmora i Hallelia til å bake for seg

– I fjor baka eg rundt 20 peparkakehus på bestilling. Mange blei brukte til julegåver.

Tre peparkakehus på rekke og rad, ferdig pynta

Peparkakehusa skal ikkje vere perfekte, meiner Marita. Dei er finast når dei er litt rufsete.

Foto: Privat

Baking har vore hobbyen sidan ho var lita jente. Det er gøy å glede andre med kreative kaker, seier ho, og let seg slett ikkje stresse av ei hektisk førjulstid

– Adventstida er kjempekoseleg og skal nytast. Ein skal kose seg med juleførebuingane, ikkje stresse, meiner firebarnsmora.

Gjekk i kakekrigen

I januar var Marita deltakar i det populære tv-programmet "Kakekrigen " på kanal FEM. 32 deltakarar var med, og Marita kom med fordi ei veninne melde henne på.

– Eg fekk telefon om å møte til audition med ei kake. Eg køyrde til Bergen med kaka i bagasjerommet, og pynta henne også frå bagasjerommet. Jammen kom eg gjennom nålauget!

kakekrig-deltager, Marita Sletttestøl

I januar var Marita med i Kakekrigen og kunne bruke det gule leiarforkledet to gonger.

Foto: FEM

Den tv-sende kakekrigen gjekk fin, fint.

– Eg var med til fjerde og siste dag. Då var vi tre deltakara att, og eg hadde kapra det gule leiarforkledet to gonger undervegs. Diverre nådde eg ikkje heilt til topps, men er godt nøgd likevel.

Som på andre område, svingar også moteverda for kaker. Marita følgjer ivrig med på matbloggar og matblad og finn ut kva som in.

Amerikanskinspirert kake

Overlessa og amerikansk-inspirerte kaker pregar kakemoten for tida.

Foto: Privat

– No er det særleg dei høge, amerikansk-inspirerte kakene med masse pynt som er i vinden. Det skal gjerne bogne av godteri, frosting og mønster i mange fargar.

Drøymer om kafé

Marita drøymer om å starte kafé på Larsnes. Fleire lokale står tomme i bygda.

– Veninner og andre saknar ein møtepass med kaffi, godkaker, lokalproduserte matvarer og nisjeprodukt. Det hadde vore kjekt å gå i gang, smiler ho.

Dåpskake til gut

Marita likar også å lage kreative dåpskaker.

Foto: Privat

No skal alle fire borna bake og pynte kvar sitt peparkakehus. Så går den driftige kakebakaren i Hallelia i gang med kakebaking for andre.

– Men 12 sortar trengst ikkje. Det blir jul uansett, slår Marita Slettestøl fast.

I desse førjulstider er enno meir lifleg kakeduft i vente frå Hallelia.