Klager på bråk frå russen

Politiet har i løpet av natt til tysdag mottatt mange klager på russen i Ålesund. Det har vore støy, slåsting og ordensforstyrringar, og fleire personar har hamna på legevakta på grunn av mindre skadar. Politiet vil opprette straffesaker etter fleire av hendingane.