Klagar til Kunnskapsdepartementet

Audhild Gregoriusdotter Rotevatn vil klage si eiga sak inn for Kunnskapsdepartementet. Det skriv Khrono. Rotevatn blei i august omplassert av styret ved Høgskulen i Volda, og fjerna frå stillinga som dekan. – Det er med undring vi ser at styreleiar ikkje har sett klagesaka på saklista over vedtakssaker. Styret får ikkje realitetsbehandla saka. Konsekvensen av dette er at vi sender klagesaka til departementet, skriv Geir Waage Aurdal i fagforeininga Samfunnsviterne til Khrono. Dette skjedde etter eit styremøte i går.