Feil grunnlag
Dagleg leiar Frode Tømmerbakk viser til at ei rekke andre bowlingklubbar i landet har fått skjenkeløyve, og meiner avgjerda er tatt på feil grunnlag.
-Det er mange barn og unge som spelar bowling, men desse kjem på formiddagen og tidleg ettermiddag, seier Frode Tømmerbakk.
Tømmerbakk hadde tenkt seg både øl og vinservering på kveldstid, men fleirtalet av politikarar seier nei. Medan fire var positive, røysta fem imot.
Idrett og alkohol
Per Harald Woldsund frå Arbeidarpartiet røysta i mot. Woldsund seier at idrett og alkohol ikkje høyrer saman, og at det difor var rett å avslå søknaden.
Frode Tømmerbakk trur likevel han har ei god sak, og håper no på medhald hos fylkesmannen.
- Det er godt over 50 andre bowlinghallar i landet som har fått skjenkeløyve, og eg ser ingen grunn til at ikkje eg skal få dette godkjend, seier Tømmerbakk.