Hopp til innhold

Klagar kommunen til Fylkesmannen for planlagde måsedrap

Kaklande måseungar forstyrrar natteroa for eldre og sjuke i Sykkylven, og politikarane har difor sagt ja til avliving. Men miljøvernforbundet skuldar kommunen for å vere miljøfiendtleg.

Sykkylven kommune

Sykkylven kommune får skarp kritikk frå Miljøvernforbundet etter at politikarane nyleg sa ja til å ta egg og måseungar ned frå taket på omsorgsbustaden i sentrum. Dei meiner måsen må vernast, sjølv om eldre og sjuke skulle ha problem med å sove.

Foto: Øyvind Berge Sæbjørnsen

Ein skvaldrande måse kan halde mang ein vaken om natta. Etter at eldre- og omsorgssenteret i Sykkylven nyleg bad om lov til å ta egg og ungar på taket av institusjonen for å få nattefred, sa politikarane ja.

Det mislikar Miljøvernforbundet sterkt.

– Norges Miljøvernforbund meiner det er moralsk-etisk forkasteleg å herje med naturen og medskapningane våre på denne måten som den miljøfiendtlege kommunen Sykkylven her har fatta vedtak om å gjere, heiter det i eit krast brev til fylkesmannen.

Hevdar kommunen bryt lova

BUAS Sykkylven bu- og aktivitetssenter

Det er her på taket av BUAS, omsorgssenteret i Sykkylven, fuglemåsar uroar eldre og sjuke om natta i hekketida.

Foto: Berit Flaten / Sykkylven kommune

I brevet hevdar miljøorganisasjonen at kommunen har brote fleire lover, som naturmangfaldlova, dyrevelferdslova og viltlova, og ikkje har rett til å fatte dispensasjonsvedtak.

– Fuglekvitter og fuglebæsj er ikkje ... lista opp som ein legitim grunn til å avlive raudlista dunnøster, heiter det vidare i brevet.

Miljøvernforbundet meiner det dei omtalar som fuglekvitter høyrer årstida til, og viser også til at dei har fått meldingar om at fleire av som bur på omsorgssenteret trivst betre på grunn av måsane.

Vil avlive for å få nattero

Karl Johan Stadsnes

Rådgjevar for miljø og landbruk i Sykkylven, Karl Johan Stadsnes, meiner bråket frå måsen gir kommunen rett til å ta egg og eventuelt ungar. No blir saka klaga til fylkesmannen.

Foto: Sissel Brunstad / NRK

Men dette er det ikkje semje om. Rådgjevar for miljø- og landbruk i Sykkylven, Karl Johan Stadsnes, bad nyleg kommunestyret om å vedta at det kan sankast egg to gongar i året. Han skriv at 15–20 par fiskemåsar skal ha uroa bebuarane i årevis. Han viser til forskrifta som heimlar slik felling, og viser til at måsar kan fellast dersom det påverkar folk sitt behov for kvile.

– Fiskemåsar kan vere aktive i hekktida frå klokka 0300. Dette medfører at eldre pleietrengande pasientar med behov for kvile blir vekte tidleg, skriv han i saksframlegget.

Ber vaktmeisteren vaske møblane

Han viser vidare til at måsane skit på utemøblane, stuper ned på pasientar og tilsette når dei er ute, og at enkelte vegrar seg for å gå ut.

Men politikarane får ikkje gehør hos Miljøvernforbundet. Avslutningsvis skriv Trygve Moxness i fylkeslaget at dei krev at fylkesmannen opphevar vedtaket.

Den aktuelle vaktmeisteren får finne seg i å vaske av ein og annan fuglebæsj frå møblane, skriv han.

Det blir no opp til Fylkesmannen å avgjere saka.