I går var ordførarane i Haram, Herøy og Sandøy i Oslo for å klage på at dei ikkje har fått kompensasjon for tapet. Herøyordførar Arnulf Goksøyr er glad dei tok turen.
Tidlegare har distriktskommunar hatt høve til å nytte redusert arbeidsgjevaravgift som eit tiltak overfor næringslivet. Dette er det no slutt på og kommunane tapte dermed eit viktig verkemiddel til bruk overfor industrien. Dei blei lovt ein årleg økonomisk kompensasjon, men denne blei langt lågare enn venta.
Før dei reiste til Oslo var potten på 20 millionar. No er han auka til 40. Sunndal, Haram og Herøy er kommunane som truleg får mest av kaka.
Det er framleis uvisst om 10 millionar kroner blir øyremerkt bransjetiltak. Kommunane vil helst ha dette i ein fellespott som dei kan dele ut sjølve.