NRK Meny

Kjørte 119 km/t i 60-sone

Ein 19-åring frå Ålesund er dømd til fengsel i 20 dagar for å ha dobla farta i ei 60-sone i Ørsta like før jul. Politiet målta han til 119 km/t i ei 60-sone ein søndagsettermiddag. Retten viser til at køyringa skjedde i tettbygd strøk i svært høg fart på dagtid med stort skadepotensiale.

I tillegg til fengselsstraffa misser han sertifikatet, må ta full, ny førarprøve og må betale sakskostnader.