NRK Meny
Normal

Kjøpar hadde krav på prisavslag etter huskjøp

Ein huskjøpar i Kristiansund får ikkje heve kjøpet, men får store delar av kjøpesummen tilbake.

Nordmøre tingrett

Saka blei ført for Nordmøre tingrett.

Foto: Hansen, Bjørn / NTB scanpix

Artikkelen er mer enn ett år gammel.

Huskjøpar tok over huset hausten 2012, for 3 325 000 000 kroner. Men i ettertid meinte kvinna å kunne påvise ei rekke feil og manglar.

Det gjeld mellom anna konstruksjonsfeil, skadedyr og mangelfulle opplysningar.

Seljar viser til at bustaden blei «seld som den er», og også at kjøpar blei oppmoda til ei grundig undersøking av eigedomen i samråd med fagperson.

I tillegg blir det vist til at huset var svært gammalt, over 100 år.

Punkt for punkt

Dom i Borgarting Lagmannsrett.

Kjøpar har krav på prisavslag, meiner retten.

Foto: Pedersen, Terje / NTB scanpix

Nordmøre tingrett har gått igjennom dei påståtte manglane punkt. Ved enkelte høve kan retten ikkje sjå at tilhøva er eit avvik frå den avtalen som blei inngått. På andre område får kjøpar medhald, og bereknar samtidig utbetringskostnader.

Etter bevisvurderinga har retten funne feil ved baderom, det elektriske anlegget, garasjen og ved avstiving av eit golv.

Retten peiker på at ein ikkje kan vente at eit gammalt hus på kvart punkt fyller krava til godt handverk eller byggeforskriftene, men at det i den generelle presentasjonen av eigedomen blir framheva at det er gjort forbetringar i nyare tid, og at den vedlikehaldet er godt.

Opplysningsplikt

I domen går det og fram at retten meiner seljars opplysningsplikt går lenger enn kjøpars undersøkelsesplikt. «Årsaka ligg allereie i det faktum at det for seljar er klart lettare å opplyse om forhold ved eigedomen som han kjenner til eller må kjenne til, enn det er for kjøpar gjennom eigne undersøkingar å avdekke dei same svakheitene».

Etter ei totalvurdering har retten kome til at misforholdet mellom den tilstanden eigedomen er i og det kjøparen kunne rekne med, er vesentleg.

Men feila kunne vore utbetra og det er ikkje grunnlag for å heve kjøpet, meiner retten. Den meiner likevel at kjøpar i det vesentlege har vunne saka og har krav på eit prisavslag på 1 450 000 kroner. Seljar og deira forsikringsselskap må og betale erstatning på vel 115 000 kroner og motpartens sakskostnader på 327 000 kroner.

Siste video/lyd

Innbyggerne på Kleive i Molde kommune frykter ulykker, og kjemper for å få revet ei falleferdig brygge. Kommunen sier det ikke er deres ansvar.
I dag var entreprenørar på synfaring på traseen for Nordøyvegen. Statens vegvesen har utlyst dei første kontraktane, og interessa er stor.
Mange geitebønder i landet vil ha den elektriske geiteklaven til Gjemnesbedrifta Nofence. Produksjonen pågår for fullt, men geiteklaven er enno ikkje godkjend. Gründerbedrifta treng beitesesongen 2017 for å gi Mattilsynet dokumentasjonen dei krev.