NRK Meny

Kjerringsund-bru kan bli dyrare

Prislappen for å knyte saman Aukra og Misund med bru over Kjerringsundet, kan bli 800 millionar kroner høgare enn planlagt, skriv rbnett.no. Ein ny analyse gjort av konsulentselskapet Deloitte viser at totalinvesteringa blir på vel 4 milliardar kroner. Leiinga i selskapet Kjerringsundet AS ønskjer ikkje å kommentere prisauken overfor avisa, men seier analysen er eit førebels arbeidsdokument som styre skal behandle.