NRK Meny
Normal

Her er dei beste kjerringråda mot insektstikk

Plaga av mygg og andre insekt i sommar? Kjerringrådekspert Miriam Wicklund gir deg sine beste råd.

Myggstikk

Mange er plaga av myggstikk om sommaren, men ein treng ikkje ty til apoteket av den grunn, seier kjerringrådekspert Miriam Wicklund.

Foto: Kite

– Eg har fått mange nyttige råd som eg ikkje anar korleis eg ville ha klart meg utan, seier Miriam Wicklund.

Ho har gitt ut mange bøker om kjerringråd, og har dessutan ei spalte om temaet i Nitimen på P1.

– Treng ikkje alltid apotek

Miriam Wicklund

Miriam Wicklund meiner at marknadskreftene gjer at mange gløymer å bruke verkestoffa som finst direkte tilgjengelege i naturen.

Foto: Jon-Annar Fordal / NRK

Det finst alskens sprayar og kremar mot ulike plagar på marknaden. Somme kostar ein del, medan andre kanskje ikkje fungerer så godt som ein hadde trudd. Då kan gode gammaldagse kjerringråd vere gode å ha. Men fungerer dei?

– Eg er ingen kjemikar. Råda kjem frå mange år med lyttarane sine tips og erfaringar, seier kjerringrådeksperten.

Ho seier det er viktig at folk ikkje gløymer av dei mange gode råda som har blitt nedarva i generasjonar.

– Vi er ikkje opplærte til å ta vare på helsa vår på same måte som før. Det er ikkje slik at du treng å klø deg til blods før du kjem deg til apoteket, seier ho.

– Har folk mista trua på kjerringråda?

– Så lenge så fortel det om at det verkar, så prøvar folk det. Det som er dumt er at marknadskreftene har overtatt. Mange naturlege middel vert innkapsla og selde i dyre og dommar. Då er det ironisk at ein kan få verkemidla i si reinaste form ute i naturen ved å plukke dei sjølve.

Groblad mot myggstikk

Groblad

Groblad heiter ikkje groblad for ingenting. Ved å gni baksida av bladet mot stikket, vil kløen og svien gå over.

Foto: © Rolf Hjelmstad

Wicklund er sjølv allergisk mot insektstikk. I barndomen låg ho ofte med omslag og stikk store som eple, fortel ho.

Når skulemedisinen ikkje strakk til, vart det naturleg å ty til gamle kjerringråd. Wicklund held fast på at ho ikkje har hatt behov for anna når det kjem til lettare plager.

– Eg prøvde både Eurax og kvitvask, men det hjelpte ikkje.

No er det groblad som gjeld for Wicklund. Planta veks i vegkantar og på dei fleste plenar, og er derfor ofte grei å få tak i om sommaren.

– Dersom eg er rask i gni på eit groblad, så kjenner ikkje eg att stikket, sjølv om eg er allergisk, hevdar ho.

– Ikkje for alle

Å bruke kjerringråda kostar litt tid på den måten at du må ut i naturen for å hente inn som trengst. Du må dessutan vite kva du brukar, elles kan effekten vere manglande. Men på same måte som med mat og vanlege legemiddel, skal ein også vere forsiktig i bruk av naturlege legemiddel.

– Dottera mi reagerer til dømes på groblad sidan ho er allergisk mot pollen. Blada bør derfor skyljast godt før bruk, seier ho.

Urin eller fuktig mose

Allergikarar har også andre, pollenfrie alternativ. Urin er til dømes veldig nyttig mot stikk og dessutan eksem, seier Wicklund.

– Urin inneheld nemleg karbamid som bra for huda, forklarar ho.

For dei som synest det er litt ekkelt å skulle tisse på seg sjølv eller andre, kan ho by på fleire alternativ.

– Fuktig mose hjelper til dømes mot vepsestikk, og det same gjeld vanlege agurkskiver, seier ho.

Mislikar lukt

Sitroner

Mygg likar ikkje sterke lukter som lavendel og sitron.

Foto: rj lerich

Dei aller fleste ser nok helst at dei unngår insekta på huda først som sist. Det kan ein gjere ved å ta i bruk ulike dufter.

– Mygg er ømfintleg for lukt. Til dømes likar dei ikkje lavendel, seier Wicklund.

Ved å smørje litt eterisk olje med lavendel på kroppen eller i nærleiken, held myggen seg stort sett unna, seier ho.

– Ein kan også bruke sitronellaolje, men han kan vere hard for huda, så då bør oljen blandast ut med litt anna olje.

Mjølk mot brennesle

Andre typiske sommarplager er brennesler og brennmaneter. Til førstnemnde seier Wicklund at mjølk gir kjempegod lindring.

– Barnebarnet trakka rett ut i ei eng med brennenesle. Han hylte og skreik til eg fekk helt litt mjølk over. Då stoppa det momentant. Det er rart kva som hjelper, seier ho.

For dei som blir svidd av brennmaneter, har ho lært eit godt triks av ein yrkesfiskar som har fått fleire maneter på fingrane gjennom åra.

– Ifølgje han er det varmt stilleståande vatn som gjeld. Vatnet skal vere så varmt som du toler, og så gir svien seg etter 10–20 minutt, seier kjerringrådeksperten.

– Men urin er framleis det beste, avsluttar ho.