Hopp til innhold

Kjensleladd avskjed for Barrantes

Søndag spelte Michael Barrantes sin siste kamp for AaFK. Costaricanaren er stolt over sitt bidrag til klubben i løpet av fem år i Aalesund.

Aalesunds Michael Barrantes Rojas (midten) feirer sin 2-0 scoring

Michael Barrantes seier det er tungt å ta forvel med AaFK og lagkameratane.

Foto: Svein Ove Ekornesvåg / NTB scanpix

Førre veke blei det klart at AaFK-profilen hadde blitt selt til den kinesiske klubben Shanghai Shenxin etter fem år i Ålesunds-klubben.

I morgon går ferda til Shanghai og kinesisk klubbfotball, men søndag kveld kom kjenslene fram på heimebane i avskjedskampen mot Stabæk.

– Det er veldig emosjonelt for meg i dag, sa ein tydeleg rørt Barrantes til NRK etter kampslutt.

Gleda var likevel stor over å kunne bidra til å sikre poeng i avskjedskampen.

– Eg er veldig glad for at eg kunne bidra med ei målgjevande pasning i den siste kampen min her i Ålesund. Det betydde mykje for meg, seier Barrantes.

Viktig spelar

Barrantes har vore ein av klubbens mest markante spelarar dei siste åra, og var blant anna sentral i cupfinalen mot Brann i 2011, då han scora to mål.

Sten Grytebust

Sten Grytebust er full av lovord om Michael Barrantes.

Foto: Arne Flatin / NRK

Lagkameratane er fulle av lovord om den costaricanske spelaren.

– Han er den beste enkeltspelaren eg har spelt med her i klubben så det er klart at han kjem til å bli sakna både som person og ikkje minst som spelar, seier Aafk-keeper Sten Grytebust.

– Barrantes er truleg den beste spelaren i tippeligaen når han er på sitt beste. Men han er også flink til å støtte opp om lagkameratane sine og utfordre oss, seier Peter Orry Larsen.

Begge har spelt saman med Barrantes i dei fem åra han har vore i AaFK.

– Dei er familien min

Aalesund-trenar Trond Fredriksen meiner at Barrantes har vore ein flott ambassadør for klubben i dei fem åra han har vore der.

– Han er godt likt av alle, både med- og motspelarar. Eg unner han verkeleg den moglegheita han har fått no. Den har han fortelt, seier Fredriksen.

Hovudpersonen sjølv er stolt over tida si i klubben, og fortel at det blir tungt å ta avskjed med laget.

– Det blir veldig vanskeleg. Dei er ikkje lagkameratane mine, dei er familien min, seier Barrantes.