Hopp til innhold

– Dette har vore kjekt for barna

Molde Røde Kors arrangerer juletrefest for barn som opplever ein annan familiesituasjon enn barn flest.

Molde Røde Kors arrangerer juletrefest for barn som opplever ein annan familiesituasjon enn barn flest.

– Vi ynskjer å gje desse barna ei kjensle av tryggleik i ein kvardag som elles er utanom det vanlege, seier Anna Grüner, koordinator i Møre og Romsdal Røde Kors.

Juletrefesten er eit samarbeid mellom Røde Kors i Molde, Gjensidigestiftelsens juleaksjon og Quality Hotell Alexandra i Molde. Blant dei inviterte er barn av asylsøkjarar på Vestnes asylmottak, barn av foreldre som er i Introduksjonsordninga, barn som bur på krisesenteret og barn knytt til barnevernet.

– Det er så mange barn som ikkje får ei «normal» julefeiring. Vi ynskjer å gi dei og familiane deira ei spesiell juleoppleving, seier Grüner.

Det er femte året Røde Kors arrangerer ein slik juletrefest i Molde.

Ynskjer å skape tilhøyrsle

Therese May Roude

Therese May Roude set pris på juletrefesten.

Foto: Roar Strøm / NRK

Om lag hundre barn og vaksne hadde møtt opp for å delta på juletrefesten i Molde søndag.

– Det er veldig koseleg, seier Therese May Roude.

Det er Sharesh Ghaderi einig i. Han fortel at barna er mest nøgde.

– Dette er fantastisk. Veldig koseleg. Og barna er sjølvsagt veldig glad for gåvene dei har fått, seier Sharesh Ghaderi som deltok saman med familien.

Molde Røde Kors stiller med frivillige som arrangerer og organiserer festen medan Hotell Alexandra stiller med lokale, profesjonell personale og alt av mat og drikke.

Kvam og Sellanrå skolekorps spilte på juletrefesten til Røde Kors

Kvam og Sellanrå skolekorps spelte på juletrefesten.

Foto: Roar Strøm / NRK

Kvam og Sellanrå skolekorps står for musikken, og dei frammøtte får servert både suppe og tradisjonelle norske julekaker. Ein tryllekunstnar skal underhalde barna, og det blir også eit besøk frå nissen som har med seg gåver.

Bakgrunnen for juletrefesten var å gi desse barna ei kjensle av tilhøyrsle. Grüner seier at dei har ynskja å skape eit lågterskeltilbod for heile familien der alle kan føle seg velkomne.

– Her kan dei blant anna kan møte nissen, få gåver, vere saman med familiane sine og kanskje møte andre i ein liknande situasjon, seier ho.

– Då kan desse barna også fortelje at dei har opplevd noko i jula. Dette er kanskje spesielt viktig for dei barna som blant anna bur på eit asylmottak eller eit krisesenter, held ho fram.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL