Hopp til innhold

Kjenner seg forskjellsbehandla

Naturvernforbundet i Møre og Romsdal kjenner seg forskjellsbehandla av fylkeskommunen, fordi dei fekk avslag på søknad om driftstilskot. Møre og Romsdal fylkeskommune grunngjev avslaget om tilskot med at dei meiner Naturvernforbundet driv politisk verksemd, med politikarar som sentral målgruppe. Det seier rådgjevar Petter Jenset og kontorsjef Hilde Hernes Hovland i kulturavdelinga (bildet). Det er ikkje klagerett på avslaget, men Naturvernforbundet har bede om innsyn i mappa si i fylkeskommunen. Dette for å få vite nøyaktig kva fylkeskommunen veit om dei, som gir dei grunnlag for å avslå søknaden om driftstilskot.

Petter Jenset og Hilde Hernes Hovland
Foto: Gunnar Sandvik / NRK

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL