Hopp til innhold

Fare for kjønnslemlesting gir rett til asyl

Mange asylsøkjarar er uvitande om at dei kan få opphald i Noreg dersom dei eller døtrene deira risikerer omskjering i heimlandet.

Kniv som brukes til kjønnslemlestelse

I Noreg er omskjering av kvinner og jenter ulovleg. Her viser ei kvinne ein kniv som blir brukt til kjønnslemlesting.

Foto: KAMBOU SIA / AFP

Olav Hoff

Olav Hoff er leiar på Ålesund mottakssenter Hero.

Foto: Inger Johanne Ruset / NRK

– Mitt inntrykk er at viss dei skal til heimlandet så må jentene vere omskorne for å leve eit godt liv, seier Olav Hoff som er leiar ved Ålesund mottakssenter.

I Noreg er omskjering av kvinner og jenter ulovleg, og dei som risikerer dette ved retur til heimlandet, kan altså få opphald.

Hoff seier at enkelte asylsøkjarar vurderer omskjering i Noreg - av frykt for kva som skjer i heimlandet dersom dei ikkje gjer det.

Det er veldig paradoksalt. Dersom dei ikkje er omskorne vil dei til dømes ikkje bli gift og dei vil betrakta som utanfor det gode selskap, seier mottaksleiaren.

Fleire saker

Teamleiar Vivian Dyb ved barnevernstenesta i Ålesund har jobba med fleire saker der foreldra har vurdert å omskjere dottera si. Frykta for negative konsekvensar i heimlandet utgjorde ein vesentleg faktor i den siste saka ho jobba med.

– Det var vel det som var grunnlaget for at dei vende seg til oss. At foreldra var uroa for konsekvensane om dei ikkje omskar barna ein viss alder forstod eg då ved retur.

Sjølv om familien truleg kunne ha søkt om asyl ut frå dette dilemmaet, vart det ikkje informert om dette i samtalen med foreldra.

– Det har førebels ikkje skjedd i den saka her. Det har det ikkje, så vidt eg veit. Vi har ulike roller der-mottaket og barnevernet.

– Vi har auka viten ikring omskjering

Ho meiner likevel at samtalane har hatt tilstrekkeleg effekt. Fokuset har vore på dei norske strafferammene og lidingane ei omskjering kan påføre ei lita jente.

– Vi har så langt hindra det i dei tilfella vi har vore borte i. Eg trur at vi har gjort det fordi at vi har auka viten ikring det, og spesielt i forhold til at det er eit straffbart forhold i Noreg. Det meiner eg at vi har klart – så langt vi veit.

UDI sitt ansvar å informere

Tone Loge Tveter, avdelingsdirektør i UDI

Tone Loge Tveter er assisterande avdelingsdirektør i asylavdelinga i Utlendingsdirektoratet.

Foto: nli

I 2012 fekk Utlendingsdirektoratet klarsignal frå Justisdepartementet om å undersøkje om jenter som kjem Noreg har behov for vern mot kjønnslemlesting. Det er derfor UDI sitt ansvar å informere asylsøkjarane om moglegheita for å få opphald på humanitært grunnlag. Det seier assisterande avdelingsdirektør for asylsaker Tone Loge Tveter.

– Dette er eit problem, og eit problem som vi er veldig opptekne av og engasjerte i. Det er jo derfor vi har teke initiativ til å gå inn i desse sakene. Det er vårt ansvar at dei får vern her og ikkje vert returnerte.

– Vi har utfordringar

Tveter vil ikkje seie kor mange som har fått vern etter førstegongsbehandling i UDI. Men, Utlendingsnemnda, som vurderer klager på avslag frå UDI – kan talfeste ei rekkje vedtak gjort fram til mai 2011.

Til då hadde 93 personar fått asyl eller opphaldsløyve fordi dei eller barna deira risikerte å bli kjønnslemlesta i heimlandet. Spørsmålet er om fleire asylsøkjarar kunne ha fått opphald om dei kjende til det særskilde asylgrunnlaget.

– Eg meiner at vi jobbar aktivt med å informere om dette. Vi veit at vi har utfordringar, men dette har ein prioritet hjå oss – vi jobbar med det.

Fryktar mørketal

Mottaksleiar Olav Hoff i Ålesund meiner informasjonsarbeidet må bli betre. Han fryktar at usikre foreldre vel å trasse det norske forbodet – fordi dei ikkje fullt ut forstår at dei faktisk kan vere tent med å la vere.

– Eg fryktar at der stader der ein kan få utført slikt illegalt. Eg har noko også mistanke om at det finst store mørketal.