Hopp til innhold

Kjenner du denne rullatoren?

– Denne nokså nye rullatoren er levert inn til oss. Vi trur den er sakna av nokon som ikkje er så ofte på Facebook, kanskje du veit kven det er sin?

Rullator på Sunnmøre politidistrikt sitt hittegods i Ålesund.

VIL HA HJELP: Sunnmøre politidistrikt vil ha hjelp til å finne eigaren av denne rullatoren.

Foto: Sunnmøre politidistrikt

Det var ei heller uvanleg melding som tidlegare i dag vart lagt ut på Facebooksida til Sunnmøre politidistrikt. Hittegodset i Ålesund bad nemleg publikum om hjelp til å finne fram til eigaren av denne lilla rullatoren som vart levert inn hjå dei.

Kommunikasjonsrådgjevar for Sunnmøre politidistrikt og redaktør for politiet si Facebookside, Eli Anne Tvergrov, fortel at det var dei særskilde kjenneteikna rullatoren har som gjorde at dei valde å be publikum om tips.

– Hadde det vore ein heilt vanleg rullator hadde vi nok ikkje lagt ut førespurnad om hjelp på Facebook, men sidan denne hadde fleire kjenneteikn og såg svært ny ut, tenkte vi at det nok var nokon som sakna den.

Eldre kvinne

Tidlegare i år har Sunnmøre politidistrikt brukt same strategi for å finne eigaren av to armband som vart levert til hittegodskontoret utan å lukkast, men Tvergrov trur likevel at nettpublikummet kan hjelpe hittegodskontoret med å finne eigaren av rullatoren.

– Vi trur det kan vere ei eldre dame, sannsynlegvis som bur i Ålesund. Kontoen vår på Facebook har rundt 10 000 følgarar. Så sjølv om eigaren kanskje ikkje er den mest aktive Facebookbrukaren, er det kanskje nokon andre som kan kjenne den att og sette oss i kontakt med eigaren.