Belønning
Folden seier dei gler seg over at industrien no tenker gasskraftverk med rensing, noko dei ikkje gjorde for eit halvt år sidan, seier han.
- Det skuldast eit kjempetrøkk frå miljørørsla, meiner naturvernleiaren.
No har vi fått ei belønning og det er eit steg på vegen, seier Folden.
Problematisk siger
- Å få gasskraftverk med rensing er ein siger, seier han, men oljen er ikkje ein fornybar ressurs og derfor er dette også problematisk, meiner Folden.
Tømer oljefelta
- Det er bra at vi tømer oljefelta mest mogleg, i staden for å bore etter nye brønnar, seier Øystein Folden. Han legg også vekt på at det no er viktig at vi også tenker på energisparing og bruk av andre alternative energiformer.
Fræna betre?
Vi må også sjå på lokaliseringa av eit gasskraftverk i Møre og Romsdal, seier Folden.
Han er ikkje heilt overtydd om at Tjeldbergodden er den rette staden å bygge det første gasskraftverket – mellom anna har Fræna ein fordel med større kraftliner, men Tjeldbergodden har alt CO2-utslepp som det er godt å få rensa, seier leiaren i Naturvernforbundet.