NRK Meny

Kjempar om øyane

Fellesnemnda i den nye storkommunen Ålesund meiner at øyane i Sandøy kommune, som ønsker å bli ein del av Aukra, ikkje bør få flytte. I ei innbyggjarundersøking svarte 85 prosent av øybuarane at dei ønsker flytting. I uttalen frå fellesnemnda er det lagt vekt på at øyene – med unntak av Orten – har kortare reisetid til sentrale servicefunksjonar i Sandøy kommune enn til Aukra. I tillegg mister framtidige storkommunen Ålesund eit stort havområde som er viktig for næringsinteressene.

Ona fyr
Foto: Silje Bjerknes / NRK